Hopp direkte til innhold

Arendalsuka: Er det blitt for trongt på havet?

Møt oss på Arendalsuka og bli med på diskusjonen om kysten og havet vi alle deler.
Møt oss på Arendalsuka og bli med på diskusjonen om kysten og havet vi alle deler.

På Arendalsuka diskuterer vi løysingar for framtidas havforvaltning, med ulike perspektiv. Møt oss på seminaret «Vikeplikt for fisk» om bord på fartøyet Fjorgyn.

Mykje hav, men lite plass: Norge har med sine over 100.000 kilometer verdas nest lengste kystlinje, og rår over eit sjøareal på storleik med Grønland. Likevel blir det trongt når stadig nye aktørar vil etablere seg i område der det allereie er aktivitet – ikkje minst på sjøvegen.

"Kampen" om sjøareala

Vi treng meir mat og energi frå havet, samstundes som eksporten går sjøvegen og 90 prosent av alt gods kjem til Norge via sjøen – til hamner langs heile kysten. Korleis skal vi styre utviklinga til det beste for både miljø og næringar – og kan teknologi vere til hjelp?

VIKEPLIKT FOR FISK?

Onsdag 13. august klokka 13:00 inviterer vi, saman med Fiskeridirektoratet, til seminar om «trengselen» på kysten og havet om bord på fartøyet Fjorgyn. Her deltek ulike interesser, som næringane, miljøperspektivet og ferdsel er med. Møt oss på Arendalsuka og bli med på diskusjonen om kysten og havet vi alle deler.

– Det finst 22.000 sjømerke langs kysten, men likevel er ikkje sjøvegen alltid synleg for aktørar som ønskjer å nytte areala til andre formål. Etter mi meining er dette den viktigaste vegen vi har i Norge. 80 prosent av alt gods til landet kjem sjøvegen, og som kjent ferdast også folk til sjøs. Eg gler meg verkeleg til samtalen, som litt tabloid har fått namnet Vikeplikt for fisk, seier direktør for transport, hamn og farlei i Kystverket, Sven Martin Tønnessen.

Til toppen