
I denne perioden vil farleia vere open delar av dagane, men med redusert fart og avgrensa navigasjonslei. Vêrforhold kan føre til endring av arbeidstider, men full stenging er berre aktuelt onsdag.
Sjøfarande må vise omsyn til både byggearbeid og anleggstrafikk i sjø, og vere førebudde på at arbeidsoperasjonar kan ta lengre tid ved dårleg vêr. Denne fasen av prosjektet krev både småbåtar, taubåtar og utstyr som blir strekt over fjorden. Vêr og vind spelar ei stor rolle, og tidspunkta kan bli justert tett opp mot gjennomføring. Det er difor viktig at alle som ferdast i området følgjer med på oppdateringar dagleg.
Vi ber derfor alle sjøfarande om å halde seg orientert ved å:
- lese siste EFS‑melding frå Kartverket
- følgje oppdatert informasjon på sotralink.no/sotraleden
- vere særleg merksame på skilting, fartsavgrensingar og trafikkmeldingar i anleggsperioden
Etterretning for sjøfarende (EFS) er den offisielle kjelda for sikkerheitskritiske rettingar i sjøkart og opplysningar om tiltak som påverkar ferdsel til sjøs. Alle sjøfarande blir oppmoda om å lese desse før dei legg ut på tur.
Sotra Link oppdaterer også fortløpande tidspunkta for stenging og andre forhold på nettsida si sotralink.no/sotraleden. Her finn du siste nytt om planlagde operasjonar, eventuelle forseinkingar og korleis arbeidet utviklar seg frå dag til dag.
Kystverket sin sjøtrafikksentral på Fedje (Fedje VTS) styrer all trafikk med fartøy over 24 meter i dette området. Meldingar om stenging blir sende ut på VTS‑kanalane på radio.
Når farleia er delvis stengd, vil Fedje VTS følgje med og regulere trafikken forbi anleggsområdet slik at ferdsla går trygt.
Har du spørsmål, kan du ta kontakt med Fedje VTS på VHF‑kanal 71 eller på telefon 56 16 44 30.