Kystverket skal inngå ei ny driftsavtale med leveranseoppstart frå 2028. Losbåttenesta sørger for at losane kjem seg sikkert og effektivt til og frå sine losoppdrag langs heile kysten.
– Det er veldig gledeleg å sjå at så mange har valt å delta i konkurransen, og vi sit no igjen med seks solide leverandørar som er med vidare. Tilbodsfristen er i januar og vi har sett av sju veker til forhandlingar. Målet er å kunne tildele kontraktar innan 1. mai, seier prosjektleiar i Kystverket, Christina Rörick.
Klimaregnskapet for 2024 viser at tilbringartenesta står for ein stor del av Kystverket sine klimagassutslepp. Leverandørar må i samhandling med Kystverket bidra til å redusere utslepp frå tenesta, i heile kontraktsperioden.
Den nye kontrakten har ein verdi på mellom 3,5 og 4,5 milliardar kroner, og er delt inn i fire geografiske områder. Det blir blant anna stilt krav om moderne losbåtar bygde i 2015 eller seinare.
Desse aktørane er kvalifiserte:
- Buksèr og Berging
- Fjord 1
- GulenSkyss
- Rødne Trafikk
- Silver Liner
- Simon Møkster Shipping
