Dei om lag 1000 tilsette i Kystverket jobbar for å ta vare på sjøtryggleiken og sikre ei velfungerande transport- og logistikkåre, med stadig større merksemd på samfunnstryggleik og beredskap langs heile kysten.
Styrkjer beredskapsarbeidet
Elisabeth Sørbøe Aarsæther kjem frå stillinga som direktør i DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap), der ho dei siste seks åra har leia etaten gjennom pandemi, naturkatastrofar og krig i Europa, og arbeidd med å styrkje totalforsvaret i den mest krevjande tryggleikspolitiske perioden etter andre verdskrigen. Ho har også tidlegare vore både direktør og kommunikasjonsdirektør i NKOM (Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit).
– Vi er svært glade for å få Elisabeth med på laget. Som andre offentlege etatar arbeider vi målretta for å styrkje og samordne beredskapsevna vår i ei uroleg tid. Med hennar breie kompetanse og unike erfaring innan samfunnstryggleik, beredskap, kommunikasjon og leiing, får vi ein ressurs som vil løfte beredskapsarbeidet i det maritime Noreg, seier kystdirektør Einar Vik Arset.
Sjøtryggleik og beredskap
Kystverket og DSB samarbeider tett på ei rekkje område, som sjøtryggleik, beredskap mot akutt forureining og nasjonal samfunnstryggleik.
– Kystverket og sjøvegen spelar ei kritisk og grunnleggjande rolle i det norske totalforsvaret, med ei nærmast endelaus kystlinje som må overvakast og vernast. Eg ser fram til å bidra i eit sterkt fagmiljø for å samordne og styrkje beredskapen i ei krevjande tryggleikspolitisk tid, seier Elisabeth Aarsæther, som tiltrer som spesialrådgivar i Kystverket. Ho startar i stillinga i april.