Hopp direkte til innhold

Slik kan du gjere hamna tryggare

Kystdirektør Einar Vik Aarset minner om at redningsvest og anna flyteutstyr er ein sjølvfølge når du er i båt – men kan også vere lurt å ta på FØR du går ut på brygga. Foto: Olav Helge Matvik / Kystverket
Kystdirektør Einar Vik Aarset minner om at redningsvest og anna flyteutstyr er ein sjølvfølge når du er i båt – men kan også vere lurt å ta på FØR du går ut på brygga. Foto: Olav Helge Matvik / Kystverket

Ein vanleg norsk småbåthamn kan vere farlegare enn du trur. Berre dei siste fem åra har 42 personar omkome i ulukker som skuldast fall frå brygge eller fortøyd båt.

Vi forbind hamner og brygger med hyggelege ting som båttur, sol og glede, men idyllen kan raskt ende i tragedie. Dei siste fem åra har totalt 143 menneske omkome i ulukker relatert til fritidsfartøy – og altfor mange av desse omkom i ulukker som skuldast fall frå brygge eller båt, medan båten var fortøyd.

Du som ferdast i hamna har mykje å vinne på å vere medviten om risikoen. For ramlar du i sjøen åleine, har du dårleg tid.

Du som tilrettelegg hamner, anten det er som kommune, båtforeining eller sameige – kan hindre at liv går tapt, med enkle tiltak.

Tauverk og andre ting som ligg i vegen kan vere livsfarlege på ei brygge. Foto: Lill Haugen / Kystverket

 

Enkle tiltak gjer hamna tryggare

 – Heldigvis er det ofte små ting som skal til for å gjere hamna sikrare. Sørg for å ha gode leidere (stigar) som stikk djupt nok ned i vatnet, redningstau langs brygga, livbøyer og anna flyteutstyr lett tilgjengeleg. Det er også viktig å halde hamna ryddig. Fjern gjenstandar som folk kan snuble i og sørg for god belysning, anbefaler kystdirektør Einar Vik Arset i Kystverket.

Han påpeiker at det viktigaste er at dei som legg til rette for bruk av kai- og bryggeanlegga har eit medvite forhold til tryggleik og førebygging av ulukker. Det kan vere til dømes kommunar, båtforeiningar, styret i sameige, velforeiningar eller privatpersonar.

Vil førebyggje slike ulukker

 – Det er urovekkjande at det skjer så mange alvorlege ulukker medan båten ligg til kai. Ulukker som dette burde vore enklare å unngå. Dette viser kor viktig det er å tenkje tryggleik i alle ledd, og lage seg gode rutinar når ein oppheld seg i hamn, seier sjøfartsdirektør Alf Tore Sørheim.

Meir enn 40 omkomne siste fem år: – Heile 42 personar omkom i fritidsbåtrelaterte ulukker frå brygge eller fortøyd båt i tidsrommet 2020-2024, og i tillegg har éin omkome så langt i 2025, fortel sjøfartsdirektør Alf Tore Sørheim. Foto: Sjøfartsdirektoratet. Det kan vere alt frå å ha riktig utstyr på plass dersom ei ulukke skulle skje – til å ha dedikerte personar som ivaretek tryggleiken.

Slike livbøyer er heldigvis eit ganske vanleg syn på norske brygger. Men den hjelper deg ikkje viss du er åleine. Då kan ei stige/leider i nærleiken vere god å ha. Foto: Lill Haugen / Kystverket

 

Fleire menn som ikkje kjem heim att

Menn representerer ei dyster side av statistikken. Det er dei som dominerer bruken av båt i sjø og elv. Mange menn er nok flinke til å tenkje på tryggleiken, men overvurderer eigen evne til å berge seg sjølv dersom noko uventa skulle skje. Av dei 42 som omkom dei siste 5 åra, medan båten var fortøyd, var nesten alle menn. Berre to av desse hadde på seg vest eller anna flyteutstyr.

 – Heile 42 personar omkom i fritidsbåtrelaterte ulukker frå brygge eller fortøyd båt i tidsrommet 2020-2024, og i tillegg har éin omkome så langt i 2025, fortel sjøfartsdirektør Alf Tore Sørheim. Foto: Sjøfartsdirektoratet.

 

– Det er naturleg at mange ventar med å ta på seg vesten til ein er om bord i båten. Dei fleste ventar kanskje heilt til ein har losna fortøyingane? Vi meiner at vesten bør takast på så tidleg som mogleg. Bruk av flyteutstyr kunne med stor sannsynlegheit redda fleire av dei som har omkome i denne typen hamneulukker, seier Sørheim.

Meir enn 40 personar har omkome siste fem år, medan båten var fortøyd. Nesten alle var menn. Berre to av desse hadde på seg vest eller anna flyteutstyr. Foto: Lill Haugen / Kystverket

 

Trygg hamn – heile året

Båt- og båtliv er for mange synonymt med sommar og sol, men det er viktig at ein også tenkjer tryggleik i hamn resten av året. Om vinteren blir det fort isete og glatt på brygger og kaianlegg. Det kan også vere veldig glatt når ein skal bevege seg i båten.

– Dersom du er åleine og fell i sjøen når vatnet er kaldt, har du svært kort tid å redde deg sjølv før det blir ei alvorleg ulukke. Difor er det viktig at det er mogleg å kome seg raskt på land dersom ein er uheldig, seier Vik Arset i Kystverket.

Hald saman

Ved å vere fleire saman kan ein raskt hjelpe kvarandre viss ulukka er ute og nokon fell i sjøen.

– Skal du ordne noko i hamna, ta gjerne med ein ven. Eller om du er i festleg lag, gå i samla flokk og unngå å la nokon bli igjen åleine på land eller om bord, seier dei to direktørane.

 Å kome seg på land etter eit ikkje-planlagt fall i sjøen er vanskeligare enn mange trur. Foto: Gro Kibsgaard-Petersen / Kystverket.  

 

Kystverket og Sjøfartsdirektoratet har utarbeidaen ei sjekkliste og gode tips for å sikre hamner og bryggeanlegg.

Korleis sikre hamna – tips og råd

Kartlegg risikofaktorar: Området bør kartleggast med tanke på tryggleik. Nokre av spørsmåla ei slik kartlegging kan innehalde er:

  • Er det nok leidere i området? Å kome seg på land etter eit ikkje planlagt fall i sjøen er vanskelegare enn mange trur.
  • Er leiderane i god stand, og stikk dei djupt nok i sjøen (òg ved lågvatn)?
  • Er det redningsbøyer eller liknande tilgjengeleg?
  • Er det område i hamna som burde vore betre opplyst?
  • Er det område i hamna som kunne hatt gjerde, rekkverk eller andre sikringar?
  • Er det god orden på brygga, så ein unngår å snuble i utstyr, fortøyingar eller lause delar?
  • Blir det gjennomført tiltak for å sørgje for at det ikkje er glatt? Grønske, snø eller is aukar risikoen for fall betydeleg.
  • Er det gangvegar som kan gjerast mindre bratte eller utstyrast med stegtrinn?

Lage ein plan for gjennomføring av tryggingstiltak og vedlikehald Når dei største risikofaktorane er identifiserte, er det viktig at det blir utarbeidd rutinar for sikring og vedlikehald. I rutinane bør det gå fram kven som skal gjere kva når. Døme på relevante kontrollspørsmål kan vere:

  • Kven skal sjekke tilstand på leidere for å avdekkje feil og manglar?
  • Kven skal strø eller måke når det trengst?
  • Kven skal sørgje for at det finst strø- og snømåkingsutstyr tilgjengeleg?
  • Kven skal utføre nødvendig reinhald av brygga for å unngå glatt grønske?
  • Kven skal skifte lyspærer når det trengst?

 

Til toppen