Det er særleg aktuelt med bustadar i området frå Åheim til og med Selje, men bustadar i retning Leikanger kan òg vere aktuelle.
Kystverket skal i hovudsak nytte bustadane til eigne tilsette. Det kan òg bli aktuelt å nytte nokre bustadar til mellombels innkvartering for personar som blir påverka av anleggsarbeidet.
Ved vurdering av aktuelle bustadar vil vi leggje vekt på mellom anna pris, standard, plassering og tilgjengelegheit.
Har du ein leilegheit eller bustad du trur kan vere interessant for oss? Eller veit du om andre som har det?
Send oss gjerne ein e-post til:
stad.skipstunnel@kystverket.no
Oppgi helst i e-posten:
• Kort informasjon om bustaden
• Areal og innhald (til dømes tal på soverom og bad)
• Når bustaden er ledig, og kor lenge han kan leigast ut
• Standard og eventuelle fasilitetar
• Energimerking (dersom du har dette)
• Leigepris per månad
• Bilete av bustaden
Så tek vi kontakt etter kvart. Vi er usikre på kor mange bueinheiter vi treng. Både små og større leiligheiter/bustadar er av interesse.