Kystverket skal inngå ei ny driftsavtale for tilbringartenesta med losbåt – ei viktig teneste for å frakte losar trygt til og frå lossøkande skip langs kysten. No inviterer vi marknaden og andre interesserte til å kome med innspel til utkastet til konkurransedokumenta.
Den nye kontrakten, som trer i kraft i 2028, har ein verdi på mellom 3,5 og 4,5 milliardar kroner. Ho stiller strengare krav til klima og miljø enn tidlegare. Tilbringartenesta står for ein stor del av Kystverket sine klimautslepp, og det er derfor viktig å finne gode og berekraftige løysingar for framtida.
Open dialog og tidleg involvering av marknaden og andre aktørar har vore viktig for Kystverket i dette arbeidet. Vi har gjennomført dialogkonferanse og etterfølgjande leverandørdialog, og på bakgrunn av det har vi utarbeidd eit utkast til konkurransedokument.
– No ønskjer vi innspel som kan styrke konkurransen, gjere krava tydelegare og legge til rette for innovasjon og utvikling. Det er viktig for oss å få innspel slik at vi stiller realistiske, relevante og framtidsretta krav til både fartøy og drift, seier prosjektleiar i Kystverket, Christina Rörick, som leiar arbeidet med anskaffinga.
For å leggje til rette for reell konkurranse er kontrakten delt i tre geografiske område. Det blir stilt krav om moderne losbåtar (bygde i 2015 eller seinare), og ein betydeleg del av kontrakten handlar om klima og miljø.
Vi ønskjer spesielt innspel på:
-
Korleis verkemidla i konkurransen kan fremje innovasjon og konkurranse
-
Om krava og skildringane i dokumenta er tydelege nok
-
Kva som kan styrkje klima- og miljødelen endå meir
-
Korleis kontrakten kan leggje til rette for godt samarbeid gjennom heile kontraktsperioden
Frist for innspel er 30. juni 2025.
Dokumenta er tilgjengelege i høyringsversjon, og innspel kan sendast via Kystverket sitt konkurranseverktøy Mercell, eller til post@kystverket.no
Her finn du dokumenta som er publiserte på Doffin
Her finn du markedsdialog i Mercell