Hopp direkte til innhold

Kjeungskjær fyr som ny

Et fyr i havet
Foto: Synnøve Kalvå.

Kjeungskjær fyr i Trøndelag skin som ny. Det omfattande arbeidet med å restaurere fyret utvendig er ferdig, men gjestar som ønsker å overnatte må enda smøre seg med tolmod.

Det er Kystverket som har hatt ansvaret for restaureringsarbeidet på fyret som ligg på eit lite skjær i Bjugnfjorden, tre kilometer frå Uthaug i Ørland kommune. Restaureringsarbeidet har vore i gang sidan juni 2022, og blei ferdigstilt i desember 2022. I løpet av 2023 skal bygget brannsikrast, i tillegg til at det elektriske anlegget skal bytast ut. Det gjer at det ikkje er mogleg å overnatte i fyret i år. Arbeidet har for det meste gått som planlagt, der den største utfordringa var at fyret er frå 1880, og er freda av Riksantikvaren.

– Alt vedlikehald er søkt om, og diskutert med seksjon for kulturminne i Trøndelag fylkeskommune – der målet har vore å bruke materiell og teknikkar som tek vare på antikvariske prinsipp. Det betyr for eksempel at vi må bruke ei fasademåling basert på silikonharpiks som ikkje har same levetid som ei meir moderne maling, men som tek vare på den gamle betongen på ein betre måte, seier Roger Holgersen, prosjektleiar i Kystverket.

Det blei satt av åtte millionar kroner til prosjektet, og både interne og eksterne har bidratt i restaureringa. Bjørn Relling ved Kystverket har vore ansvarleg for planlegging av prosjektet, medan Franziska Luther frå Norconsult har vore hyra inn som byggleiar. Smørholm AS var hovudentreprenør.

Artikkelen fortset under bildet. 

DSCN2259.jpg
Foto: Synnøve Kalvå.

«Den raude seglar»

Fyret ligg på Kjeungskjæret, eit lite skjær som blir overflødd ved høgvatn. Fyrlykta blei tent i 1880 og ligg like ved skipsleia. Kjært barn har mange namn, og det har Kjeungskjær fyr også. Fyret har ei spesiell åttekanta form og er raud i fargen. Fyret blir derfor kalla «den raude seglar», og er 20,6 meter høg.

– Veggane på fyret er relativt rette, så forma på fyret bydde heldigvis ikkje på utfordringar under restaureringa, seier Holgersen.

Kjeungen Kystlag, som held tilsyn med fyret, skriv på sine nettsider at Kjeungskjær fyr er eit av dei mest fotograferte fyra i Noreg, der både fritidsbåtar, hurtigruta, og fiske- og lastebåtar passerer dagleg på si ferd langs kysten.

Artikkelen fortset under bildet. 

DSCN2396.jpg
Foto: Synnøve Kalvå.

Frå bemanning til automatisering

Fyret var frå starten eit bemanna fyr, med fyrvaktar og familien hans. Denne ordninga varte frå 1880 til 1947. I 1947 blei fyret ein tørnstasjon, bemanna av to fyrbetjentar og éin reservebetjent, men ingen av desse budde ved fyret.

I 1965 fekk Kjeungskjær fyr elektrisitet frå land ved at det blei lagt sjøkabel dit. Fyret blei automatisert og avfolka i 1987, og lykta lyser enda i dag for alle forbipasserande langs kysten.

DSCN2237.jpg
Foto: Synnøve Kalvå.
DSCN2378.jpg
Foto: Synnøve Kalvå.
DSCN2371.jpg
Foto: Synnøve Kalvå.
Til toppen