SINTEF er ein av dei største uavhengige forskingsinstitusjonane i Europa, og utfører oppdragsforsking og utvikling innan teknologi, naturvitskap og samfunnsvitskap for næringsliv og offentleg sektor. Samarbeidet omfattar mellom anna kunnskap knytt til grøn omstilling, sjøsikkerheit, miljøberedskap og utviklinga av sjøtransporten.
– SINTEF Ocean er eit sterkt kunnskapsmiljø, og vi er glade for å få til dette samarbeidet. Kystverket skal heile tida søke ny kunnskap og nye perspektiv. Derfor er vi positive til samarbeid med dyktige kunnskapsmiljø og andre aktørar som kan utfordre oss fagleg og gjere oss betre i stand til å løyse samfunnsoppdraget vårt, seier kystdirektør Einar Vik Arset.
– Skal vi lykkes med grønn omstilling og samtidig ivareta sikkerhet og beredskap langs kysten, trenger vi kunnskap fra flere perspektiver. Samarbeidet med Kystverket gir oss en verdifull arena for å lære av hverandre og utvikle kunnskap som kommer samfunnet til gode, fastslår administrerande direktør Vegar Johansen i SINTEF Ocean.
Søkelys på miljøberedskapen
Beredskap mot akutt forureining er det første området partane skal samarbeide om innanfor avtalen. Her blir det oppretta ei arbeidsgruppe med deltakarar frå begge verksemdene som skal ha jamleg kontakt.
Kystdirektør Einar Vik Arset og administrerande direktør Vegar Johansen i SINTEF Ocean skreiv under samarbeidsavtalen i Ålesund tysdag.
Samarbeidsavtalen omfattar ikkje kjøp av tenester. Formålet er å dele kunnskap og erfaringar til felles nytte. SINTEF Ocean sit med kompetanse og erfaring på fleire område som er relevante for Kystverket, men frå ein annan ståstad. Det gir eit godt utgangspunkt for å dele erfaringar, diskutere utviklingstrekk og lære av kvarandre.
– Dette er ikkje eit kommersielt samarbeid. Det handlar om å dele kunnskap og erfaringar om utfordringar vi begge er opptekne av, men gjerne ser frå ulike perspektiv. Det trur eg begge partar kan ha stor nytte av, seier Arset.