Kystverket er medarrangør på to arrangement under Maritim veke – begge går føre seg onsdag 3. september.
Forsking- og innovasjonskonferanse
Tid: 3. september 2025, kl. 09.00–16.00 (registrering på HVL frå kl. 08.30)
Stad: Høgskulen på Vestlandet og Kystverket
Arrangørar: HVL, Haugesund kommune, Kystverket, Sjøfartsdirektoratet, ITS Norway, NORCE, UiB og EDIH Oceanopolis
Konferansen samlar leiande ekspertar, forskarar og innovatørar for å utforske korleis kunstig intelligens kan brukast i maritim sektor. Her blir det delt innsikt i dei nyaste framstega – frå forsking til praktiske løysingar på reelle utfordringar.
I tillegg til engasjerande debattar og presentasjonar, blir det også praktiske demonstrasjonar og høve til å få ei omvising på USV Challenger – eit banebrytande, 100 % fjernstyrt fartøy.
Les meir om konferansen her: Forsknings og innovasjonskonferanse 2025 — Maritim uke
Tryggleik i hamn – frå innsikt til handling
Tid: 3. september 2025, kl. 10.00–17.00
Stad: Sjøfartsdirektoratet
Arrangørar: Sjøfartsdirektoratet, Kystverket og Flyte
Seminaret set søkelys på førebyggjande tiltak i både private og offentlege hamneanlegg, med mål om å redusere talet på alvorlege ulukker. Dette er eit høgaktuelt arrangement for ansvarlege i kommunar, hamnevesen, båtforeiningar, sameige og liknande. Samla skal vi gjere ein innsats for å få ned ulukkestala!
Les meir om seminaret her: Sikkerhet i havn - fra innsikt til handling? — Maritim uke
Har du ikkje meldt deg på Maritim veke enno?
Du finn meir informasjon og kan sikre deg billettar her: https://www.maritimuke.no/