Porteføljeprioriteringa er etaten sitt faglege råd om kva prosjekt som bør prioriterast først i den vidare oppfølginga av Nasjonal transportplan (NTP) 2025–2036.
Porteføljen omfattar prosjekt som er under planlegging, og Kystverket oppdaterer prioriteringane kvart år for å vise kor langt prosjekta har kome og kva vurderingar etaten legg til grunn for investeringane langs kysten. Den endelege prioriteringa ligg hos politiske styresmakter.
– Oppgåva vår her er å tydeleggjere og prioritere dei prosjekta som gir best effekt for tryggleik, framkome og næringsliv langs kysten, om prosjekta samstundes er klare for igangsetjing, seier Sven Martin Tønnessen, direktør for transport, hamn og farlei i Kystverket.
Fire prosjekt aktuelle for oppstart frå 2027
Kystverket peikar i årets porteføljeprioritering ut fire prosjekt som er vurderte som modne for vidare planlegging og mogleg oppstart frå 2027:
- Røst fiskerihamn
Røst har krevjande innsegling med grunne område og smal lei, og det er òg mangel på liggjeplassar i hamna. I periodar med høg aktivitet, særleg under skreifisket, blir kapasiteten pressa.
Prosjektet omfattar utdjuping og utviding av innseglinga, sprenging av grunner, nye navigasjonsmerke og bygging av moloar for betre skjermeffekt. Det er òg planlagt tiltak som skal gi betre snuareal for ferje og meir skjerma liggeplassar.
Målet er å betre både tryggleik, regularitet og kapasitet for fiskeri- og ferjetrafikk til og frå Røst. - Nordleg innsegling til Haugesund
Innseglinga til Haugesund går gjennom eit område med grunner og smale parti som set avgrensingar for større fartøy. Dette påverkar både offshoreverksemd og cruisetrafikk.
Tiltaket omfattar utdjupingar og utbetringar i om lag 3,6 kilometer farlei og oppgradering av navigasjonsinnretningar. Dette skal gi betre framkome og redusere risiko i nordleg innsegling, og leggje til rette for at større fartøy kan nytte hamna meir effektivt. - Innsegling til Borg hamn
Innseglinga til Borg hamn går gjennom Røsvikrenna, eit smalt og straumsterkt farvatn med strenge avgrensingar for skipstrafikken.
Prosjektet omfattar mudring og oppgradering av navigasjonsinstallasjonar, med mål om å halde oppe seilingsdjupna og betre framkoma inn til hamna. - Andenes fiskerihamn
Andenes har eit stort hamneområde der straum, bølgjer og grunne område gjer ferdsel og bruk av hamna krevjande fleire stader.
Prosjektet omfattar forlenging av moloar, utdjuping av innsegling og hamnebasseng, samt tiltak som skal gi rolegare forhold i hamna. I tillegg legg prosjektet til rette for nye landareal til næringsutvikling.
Målet er ei tryggare og meir funksjonell hamn med betre kapasitet for fiskeri og annan aktivitet.
Gamvik nær ferdig – ventar tilbakebetaling i 2026
Kystverket viser i si porteføljeprioritering også til prosjektet i fiskerihamna i Gamvik, som er gjennomført gjennom ei ordning med forskotering frå Gamvik kommune. Prosjektet er no vurdert som nær ferdigstilt, og Kystverket meiner tilbakebetaling av midlane kan gjerast i 2026.
Kostnader og prioritering
Fleire av prosjekta som ligg inne i porteføljen har i følgje samfunnsøkonomiske analysar lav lønsemd, men Kystverket vektlegg at dei samstundes gir viktige gevinstar for tryggleik, framkome og aktivitet langs kysten.
Kystverket følgjer kostnadsutviklinga tett, og har i samband med offentleg porteføljeprioritering oppdatert kostnadsanalyser for prosjekta i portefølja. Fleire prosjekt har auka kostnadar, noko som påverkar prioriteringane.
– Vi må heile tida balansere nytte, kostnad og gjennomføringsevne når vi prioriterer prosjekt, seier Tønnessen.
Fagleg råd til vidare prioriteringar
Porteføljeprioriteringa er Kystverket sitt faglege grunnlag for vidare politiske prioriteringar i NTP-arbeidet. Den gir eit samla bilete av kva prosjekt etaten meiner bør gå først, ut frå modnad, kostnader og samfunnsnytte.
– Dette er våre beste faglege råd til kva prosjekt som bør prioriterast først, gitt det vi veit i dag, avsluttar Sven Martin Tønnessen.