Frå 1. september 2026 går noverande leigekontrakt for losstasjonen i Florø ut. Kystverket ønskjer difor å få oversikt over kva som finst av mogleg lokale i området for ein ny leigeperiode på ti år.
Vi startar prosessen tidleg for å gi utleigarar som eventuelt må tilpasse lokala sine, tid til å melde interesse. Ny leige av dagens losstasjon kan også vere eit alternativ. Målet vårt er å sikre open konkurranse om kontrakten.
Vi ser etter lokale på om lag 150 kvadratmeter brutto, med følgande fasilitetar:
-
Seks soverom med eiget bad
-
Eit romsleg kvile- og pauserom
-
Tilgang til kjøkken
-
Vaskerom/toalett
-
Gjerne eit lite kontor
Lokala må vere godt egna for kvile og vere godt støyisolerte.
I tillegg treng vi parkeringsplassar for 4–5 tenestebilar (el-bilar), der minst éin plass må ha elbilladar.
Lokala må vere klare til innflytting seinast 1. september 2026. Har du eit eigna lokale, eller ønskjer meir informasjon? Ta kontakt med losoldermann i Vestland, Kjell Asle Djupevåg i Kystverket innan 15. september 2025.