Hopp direkte til innhold

LOS 300 er utsett til neste år

På grunn av covid-19-situasjonen vert feiringa av Lostenesta sitt 300-årsjubileum utsett til 2021.

– Grunna stor usikkerheit om korleis koronakrisa vil påverke samfunnet utover sommaren og hausten, vert alle arrangement i samband med LOS 300 utsett til 2021, seier losdirektør Erik Blom i Kystverket.

Lostenesta i Noreg fyller 300 år i 2020. Planen var at dette skulle feirast under fanen LOS 300 gjennom ei rekke store og små arrangement langs heile kysten, i perioden april til september. Ifølge Folkehelseinstituttet (FHI) kan arrangement som samlar mange menneske gi grunnlag for stor smittespreiing. Sjølv om det er uvisst kor lenge denne situasjonen vil vare, er alvoret av krisa så stort og konsekvensane for samfunnet og folkehelsa så usikre, at Kystverket har valt å utsette alle dei over 50 planlagde lokale arrangementa i samband med LOS 300.

– Det er lagt ned mykje og godt arbeid som vi kan ta med oss inn i neste års markering. Det ville vere synd om alt dette var forgjeves. Ved å utsette feiringa til 2021 er håpet at situasjonen har normalisert seg, seier Blom.

Dei foreløpige planane for arrangementa, med losen som tema, vert dermed vidareførte.

‒ Planen er no å flytte arrangementa til våren eller eventuelt hausten neste år. Vi er først og fremst svært glade for at Kystverket vel å utsette markeringen framfor å avlyse. Nå jobbar vi for fullt vidare med å planlegge flotte markeringar over heile Noreg, og vi kan gle oss til eit spennande program neste år, seier prosjektleder for LOS 300 og leiar av Kystverkmusea, Espen Frøysland.

Sjølv om dei fysiske arrangementa no er utsett, vert det likevel planlagt ei digital markering på sjølve 300-årsdagen 29. april 2020, hovudsakleg i sosiale mediar.

Til toppen