Hopp direkte til innhold

Ny statsråd fekk lære meir om merking av sjøvegen

Guttorm Tomren i Kystverket viser fram nye fyrlykter for Fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth og ekspedisjonssjef i Nærings- og fiskeridepartementet Ottar Ostnes. Foto: Lill Haugen / Kystverket.

Fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth møtte Kystverket om bord fartøyet OV Hekkingen, då ho nyleg var på besøk i Ålesund.

Fartøyet er eitt av fleire multifunsjonsfartøy som jobbar for å halde sjøvegen trygg, rein og effektiv. Statsråden frå Nærings- og fiskeridepartementet fekk omvising om bord og demonstrasjon av nye og smarte sjømerke under besøket. Sjømerka, som viktige for halda sjøvegen trygg for sjøfarande langs heile kysten, er i stadig utvikling – og Noreg ligg her langt framme når det gjeld å ta i bruk ny teknologi.

Stor ansvar for kysten

– Noreg er ein stor og stolt havnasjon, og Kystverket har eit stort ansvar. Kystverket spelar ei sentral rolle både når det gjeld næringsutvikling, sjøsikkerhet og i utviklinga av grøn skipsfart. Det har vore veldig interessant å kome hit til Ålesund og høre om det viktige og allsidige arbeidet som etaten utfører på ein rekke områder, fortel den ferske statsråden. Tidligare på dagen åpna ho den årlige Verftkonferansen.

Godt samarbeid

– Det er alltid kjekt å få statsrådar på besøk, og særleg når det er første gong. Vi er stolte av det vi gjer og set pris på å få vise det frem. Fiskeri- og havministeren har vore engasjert og interessert i det vi har hatt å fortelje, og har også vore tydeleg på at ho har forventningar til oss og samfunnsoppdraget vårt. Vi er trygge på at dette skal bli eit godt samarbeid framover, seier fungerande kystdirektør Per Jan Osdal.

 

IMG_8070.jpeg

IMG_8128.jpeg

IMG_8191.jpeg

Til toppen