Hopp direkte til innhold

Sikkerhet i hamn – samarbeid er nøkkelen

Seminaret vart arrangert av Kystverket og Sjøfartsdirektoratet i samarbeid med organisasjonen Flyte. Fra venstre Guttorm Tomren i Kystverket, Mia Bergmann fra Flyte og Petter Søreng fra Sjøfartsdirektoratet. Foto: Lill Haugen

Over 40 personar har omkomme etter fall frå brygger og fortøyde båtar dei siste fem åra.  På seminaret om sikkerheit i hamn i Haugesund samla vi kommunar, båtforeiningar og hamnevesen. Målet er å styrke tryggleiken i og rundt fritidsbåtkaier og brygger – både på kort og lang sikt.

Som forvaltar av hamne- og farvannsloven har Kystverket både ansvar og moglegheit til å påverke tryggleiken i farvannet og drift av hamner – men ikkje hamner som blir brukte av fritidsbåttrafikken. 

 – Altfor mange ulykker skjer i fritidshavner, når fartøyet er fortøyd. Dette ønsker Kystverket å gjere noko med, via betre førebygging, betre haldninger og auka bevisstheit om risiko, seier Guttorm Tomren i Kystverket. 

 

Deltakarar frå båtforeiningar, kommuner, etatane og leverandørar kom saman i ein workshop, for å diskutere mogelege tiltak - på kort sikt, og på lenger sikt. 

 

Han peikar på at Kystverket i enkeltsaker stiller krav om redningsutstyr og tilrettelegging, men at utfordringane er større enn det dagens regelverk åleine fangar opp. Det er ikkje alle fritidshavner der Kystverket er ein part i saka, medan kommunene er involvert i alle byggesaker om fritidshavner. 

 – Difor treng vi samarbeid. Vi ønskjer å samle aktørane, dele vår kunnskap og vise fram gode døme. Vårt mål er å få fleire til å gjere enkle, men viktige tiltak som kan redde liv, seier Tomren. 

Denne illustrasjonen med gode råd til enkle sikkerhetstiltak har Kystverket og Sjøfartsdirektoratet laga saman, som ein start. Men det trengs meir arbeid for å auke medvitet og kunnskapen om dette viktige temaet.

 Ser behov for tydlegare krav 

Kystverket meiner at det vil vere ein fordel om krav til redningsutstyr på kaier og brygger som fell utanfor regelverket i dag blir formalisert. Havne- og farvannsloven gjev ikkje slik heimel i dag. Difor har Kystverket teke initiativ til dialog med andre relevante myndigheiter for å avklare moglegheita for å lage ein veileder, eller stille slike krav gjennom plan- og bygningslova eller havne- og farvannslova. 

– I dag er det for varierande kva for utstyr som er på plass rundt om i landet. Vi meiner det er behov for meir tydelege krav til sikkerheitsutstyr på kaier og brygger, og vil difor arbeide vidare med å få dette forankra i regelverket, seier han.  

Enkle tiltak kan redde liv

Han understrekar at ikkje alt dreier seg om nytt utstyr, den enkelte kan også gjennom eigen oppførsel/haldninger unngå mange risikomoment - til dømes ikkje vere åleine, bruke flytevest, unngå ruspåvirkning med meir.  

– På seminaret vart det peika på at mange enkle fysiske tiltak kan ha stor effekt for å hindre slike ulykker. Alle som ferdast i båthamner må òg vere merksame på at risikoen aukar mykje dersom ein er åleine. Difor kan det vere ekstra lurt å ta på vesten før ein går på brygga. Eg håpar og trur at deltakarane reiser heim til eigne kommunar, verksemder, båtforeiningar og sameige med ny kunnskap og større engasjement. Saman kan vi gjere ein forskjell, understrekar Petter Søreng i Sjøfartsdirektoratet. 

Matt Skuse fra RS Akademiet delte kunnskap om utfordringer med overlevelse i kaldt vann - både kuldesjokk og kaldtvannslammelser kan raskt ta livet av folk som havner i sjøen.

Kan  ikkje vente – kva kan gjerast no? 

Seminaret vart arrangert under Maritim Uke og tok opp tema som risikovurderingar, fysisk utforming av kaier, tryggleik i kaldt vatn og korleis kommunar kan bruke plan- og tilsynsrolla si meir aktivt. Både store bykommunar og mindre kystkommunar delte sine erfaringar, og båtforeiningar og leverandørar av utstyr presenterte løysingar dei allereie har innført. 

Ann-Kristin Berge Dahle er folkehelsekoordinator i den lille kommunen Tysvær. Med over 22 mil vannlinje har de vært nødt til å ta tak i arbeidet med å sikre vannkanten.

 – Drukning skjer over heile landet – i alle kommunar, på sjøen, ved land og i farvatn som verkar trygge. Difor er samarbeid heilt avgjerande. Workshop-formatet fungerer godt: det gir meir dialog, konkrete innspel og eit tydelegare bilete av kva tiltak som trengst. No ønskjer vi å få med oss alle landets 357 kommunar i dette viktige arbeidet, seier Mia Bergmann i Flyte. 

 – Vi veit at mange aktørar allereie gjer ein god jobb. No handlar det om å spreie den kunnskapen breiare, og å løfte sikkerheit i hamner knytt til fritidsbåtbruk som eit felles ansvar. Difor jobbar vi vidare saman med partnarar for å utvikle gode råd, dele beste praksis og vurdere behovet for tydelegare krav i regelverket, seier Tomren. 

Les meir om sikkerheit i hamn her

 

Bente Sjo ramla i sjøen i småbåthavna i vinter, utan mogeligheit til å komme seg opp av det iskalde vatnet. Ho var heldig og overlevde, fordi ho ikkje var åleine – og var med oss 3. september for å dele si historie, og ikkje minst i diskusjonen: Kva kan vi lære, og korleis kan vi saman gjere hamnene våre sikrare?

 

 

Høyr Bente fortelle den sterke historia om dagen ho ramla i den iskalde sjøen i småbåthamna - på sin eigen 50-årsdag. Publisert
Til toppen