Hopp direkte til innhold

Stad skipstunnel: Rivearbeidet startar 19. oktober

I neste veke (veke 43) startar Kystverket arbeidet med å rive bygningar som må fjernast før bygginga av Stad skipstunnel kan starte.

Ein startar med sanering på begge sider av skipstunnelen 19.10, og maskinell riving veka etter, frå 26.10. Totalt skal 18 bygningar rivast, to i Moldefjorden og 16 i Kjøde. Arbeidet vil gå føre seg utover hausten og fram mot jul.

Det er AF Decom som utfører arbeidet på oppdrag frå Kystverket. Rivingsarbeidet vil i hovudsak gå føre seg måndag til laurdag mellom kl. 07.00 og 19.00. Det vil vere to til tre maskiner i drift, og i periodar noko tungtransport.

Kva betyr dette for dei som bur tett på skipstunnelen?

Rivearbeidet kan i periodar føre til litt støy og meir anleggstrafikk i området. Kystverket vil saman med entreprenøren gjere det vi kan for å avgrense ulempene.

Vegane skal etter planen vere opne som normalt. Rivingsområdet vil bli markert. Vi ber folk vere merksam på skilting og sperringar, og halde god avstand til områda der det blir arbeidd. Av omsyn til sikkerheita er det ikkje tillate å gå inn på anleggsområda. 

Gjenbruk av materialar


Kystverket har stilt krav om at entreprenøren skal leggje til rette for gjenbruk av materialar og bygningsdelar der det er mogleg. Dei som ønskjer å overta bygningsdelar frå bygningane som skal rivast, kan kontakte entreprenøren AF Decom på e-post innan 1. november.

Kvart enkelt ønske vil bli vurdert ut frå om det er praktisk mogleg å gjennomføre og kostad/nytte. Det løner seg å ta kontakt så tidleg som mogleg, sidan enkelte bygningar kan vere rivne før 1. november.

Kontakt: kenneth.eikrem@afgruppen.no

Vi veit at rivinga, spesielt i Kjøde, vil føre til store endringar i nærmiljøet, og at det kan vere vemodig å sjå kjende bygningar forsvinne. Vi ønskjer å gjennomføre arbeidet på ein trygg og omsynsfull måte, og halde naboar godt informert undervegs.

Har ein spørsmål om rivearbeidet, kan ein kontakte:

Kystverket: Prosjektleder Jarle Strand, jarle.strand@kystverket.no tlf: 99262936
Kystverket: Byggeleder Odd Jostein Haugen, odd.jostein.haugen@vegvesen.no  tlf: 91744075
AF Decom: Kenneth Eikrem, kenneth.eikrem@afgruppen.no , tlf: 47284805

Presseførespurnader: Kommunikasjonsansvarlig Sveinung Nedregotten i Kystverket, sveinung.nedregotten@kystverket.no, tlf: 92063154

Til toppen