Hopp direkte til innhold

Status 2025: Sjøtransporten i ei tid med raske endringar

Kystverket har publisert Status 2025 – ei ny samling artiklar som gir fagleg innsikt i korleis sjøtransporten utviklar seg i møtet med nye krav, større kompleksitet og meir uforutsigbare tider.

– Vi lever i ei tid der ting endrar seg fort. Då treng vi oppdatert kunnskap, tettare samarbeid og evne å finne nye, betre og meir effektive måtar å løyse oppgåvene våre på, seier kystdirektør Einar Vik Arset (bildet).

Status 2025 tek for seg fire hovudtema som blir viktige i åra framover:

  • Samfunnssikkerheit
  • Framkome
  • Klima og miljø
  • Innovasjon og tenesteutvikling

I opningsartikkelen i rapporten skriv kystdirektøren om korleis vi som samfunn må førebu oss på framtida. Han peikar på det store behovet for felles innsats, ikkje minst når det gjeld teknologi, sikkerheit og beredskap.

– Vi står overfor utfordringar som krev tettare samarbeid mellom statlege aktørar og næringslivet. Vi må vere rusta for å møte fleire kriser samtidig. Det krev betre samspel, nye løysingar og evna til å forstå både digitale og menneskelege samanhengar. Sjøtransporten er ein særs viktig del av norsk infrastruktur, og difor er det viktig at vi held fram med å utvikle både kunnskap og samarbeid, seier kystdirektør Einar Vik Arset.

Breidde i fag og perspektiv

Rapporten inneheld artiklar frå ei rekkje fagmiljø i Kystverket og har også bidrag frå samarbeidspartnarar. 

Mellom tema som blir løfta fram, finn vi:

  • korleis endra sikkerheitssituasjonar påverkar sjøtransporten
  • sårbarheiter knytt til GPS og elektronisk navigasjon
  • behovet for betre samhandling i beredskap og totalforsvar
  • nye løysingar for navigasjonsinfrastruktur og klimavenlege farleier
  • korleis hamner kan bli betre integrert i heilskaplege logistikksystem
  • korleis kunstig intelligens og dataanalyse kan forbetre tenestene våre

Artiklane gir eit nyansert bilete av kva som må til for at sjøtransporten skal vere trygg, effektiv og berekraftig i åra som kjem, og skal vere eit bidrag til kunnskapsgrunnlaget for betre avgjerder, betre løysingar og betre samspel.

– Vi vil med Status 2025 bidra til eit sterkare og breiare fokus på korleis vi utviklar sjøtransporten for framtida. Dette er viktig lesnad for alle som jobbar med transport, beredskap, miljø og digitalisering – både offentleg og privat, avsluttar Arset, som oppfordrer alle til å ta seg tid til å lese artikkelsamlinga.

Kystverkets årlige artikkelsamling Status tar for seg utvalgte tema som er sentrale for...

Fag Publisert Oppdatert
Til toppen