Formålet med tilskotsordninga for kommunale fiskerihamnetiltak er å støtte kommunar som vil bygge ut eller forbetre fiskerihamner, og slik betre vilkåra for fiskerinæringa og utviklinga langs kysten. Ordninga gir støtte til tiltak som faste og flytande kaier, bølgedemping og utdjuping, og er eit viktig verkemiddel for å styrke fiskeriavhengige lokalsamfunn.
– Gode fiskerihamner er heilt avgjerande for både tryggleik og verdiskaping. Dei legg grunnlaget for økonomisk aktivitet og arbeidsplassar i mange av dei minste og mest utsette lokalsamfunna våre, seier avdelingsleiar Ruben Alseth i Kystverket.
Norge er eit kystland med desentralisert busetjing og lange avstandar. Ein robust fiskerihamnestruktur er ikkje berre viktig for næringa, men også for beredskap, matforsyning og samfunnstryggleik. Mange av prosjekta som no får støtte, er i område der hamnene er avgjerande for å halde oppe arbeidsplassar, tenester og busetting.
– Tiltaka som får tilskot no vil ha effektar også utover den enkelte hamna. Dei styrker grunnlaget for heilskapleg utvikling, frå fiskebåt til marknad. Samtidig er dei med på å trygge kysten som buplass og livsgrunnlag – noko som er viktig både i kvardagen og i eit beredskapsperspektiv. For mange kommunar er fiskerihamna eit nav i lokalsamfunnet. Utan fungerande infrastruktur bremsar både næringsverksemd og framtidstru. Difor er denne tilskotsordninga så viktig, fastslår Sven Martin Tønnessen, direktør for transport, hamn og farlei i Kystverket.
Då den forlenga søknadsfristen gikk ut 1. mai hadde Kystverket mottatt 20 søknader om tilskot på til saman om lag 230 millionar kroner. Etter grundig vurdering får no 11 kommunar tilsagn om støtte på til saman 85,2 millionar kroner.
– Vi veit at desse tiltaka ofte er for kostbare for kommunane å gjennomføre åleine. Tilskotsordninga gjer det mogleg å realisere prosjekt som har stor samfunnsnytte, men som ikkje blir prioriterte utan statleg støtte, avsluttar Alseth.
Tabellen under viser prosjekta som no får tilsagn om midlar gjennom tilskotsordninga for kommunale fiskerihamntiltak. Tal i kroner eks. mva.
Fiskerihavn |
Kommune |
Fylke |
Prosjektkostnad |
Tilsagn |
Tiltak |
Austertana |
Tana |
Finnmark |
18 306 737 |
6 300 000 |
Fast kai, utdyping og bølgedemping |
Honningsvåg |
Nordkapp |
Finnmark |
12 000 000 |
6 000 000 |
Flytekai |
Rypefjord |
Hammerfest |
Finnmark |
4 400 000 |
2 200 000 |
Flytekai |
Storekorsnes |
Alta |
Finnmark |
5 650 000 |
2 825 000 |
Fast kai |
Andenes |
Andøy |
Nordland |
2 082 000 |
1 041 000 |
Flytekai |
Ballstad |
Vestvågøy |
Nordland |
83 274 003 |
41 637 000 |
Fast kai, utdyping og flytekai |
Bodø |
Bodø |
Nordland |
24 135 000 |
12 067 500 |
Fast kai |
Reipå |
Meløy |
Nordland |
6 506 000 |
3 253 000 |
Fast kai |
Rørvik |
Nærøysund |
Trøndelag |
4 730 000 |
2 365 000 |
Flytekai |
Bekkholmen |
Aure |
Møre og Romsdal |
1 625 000 |
812 500 |
Flytekai |
Larsnes |
Sande |
Møre og Romsdal |
13 500 000 |
6 750 000 |
Fast kai |
SUM |
85 251 000 |