Hopp direkte til innhold

Ytre Møkkalasset får lyset tilbake

Fyrtårnet med det spesielle namnet blir no restaurert og skal igjen lyse ut over Skagerrak. Ytre Møkkalasset fyr, og meir enn 20 andre fyr, skal pussast opp med ekstramidlar som regjeringa løyvde i samband med virusutbrotet for å styrke den kriseramma bygg- og anleggssektoren.

Renovering av Ytre Møkkalasset fyr - status per 14. august 2020 Publisert

På verdas fyrdag, 18. august, er det fint å kunne fortelle at intensjonen er at oppussinga av alle fyra skal settast i gang i år, men at nokre av dei ikkje blir ferdige før neste år.

For Ytre Møkkalasset er restaureringsarbeidet planlagt utført dette året, mens igangsetting av lyset blir gjort i 2021.

Når fyrtårnet no blir rehabilitert, blir det i første omgang  sandblåst skånsamt inne og ute for å fjerna måling og rust. Inne i tårnet skal det trappa bli bygd på nytt etter gamle teikningar frå 1940.

– Vi har sandblåst, grunna og målt utvendig og innvendig. Glasa på vindauga og lyktehuset blir montert i denne veka. Det står att å montere stålbjelkar som etasjeskillere, opplyser Belinda Pedersen, overingeniør ved regionkontoret i Sørøst. 

IALA-standard

Ytre Møkkalasset fyr er freda. Samtidig er fyrtårnet strategisk plassert i skipsleia nord for Eydehavn.

– Området er mørkt, og behovet for å aktivere fyrstasjonen på nytt er absolutt til stades, forklarer senioringeniør Steinar Hansen.

Region søraust har utarbeidd ein plan for å redusere vedlikehaldsetterslepet på navigasjonsinstallasjonane og legge om farleia i området til såkalla IALA-standard. I denne planen inngår å reaktivere fyret som sektorfyr.

– Reetableringa av lyset på Ytre Møkkalasset fyr inngår som ein naturleg del av sjømerkeprosjektet. Fyret skal primært sikre seglasen inn til Eydehavn, som er eit hamneområde for industri utanfor Arendal. For store skip som kjem frå sør vil navigatørane kunna stemna den kvite sektoren til fyret og gå klar Molen og Dalsgrunnen før skipa legg babord over og stemnar trygt inn til Eydehavn. Sektorfyret har også nytte for fritidsbåttrafikken i området, fortel Hansen.

Til toppen