Hopp direkte til innhold

Bremstein fyr

Bremstein fyrstasjon ligg ytterst i havgapet i Steinan på Helgelandskysten. Den vart reist for å hjelpe skipstrafikken i det vanskelege farvatnet mellom Sklinna og Ytterholm, som til da praktisk talt hadde ligge i mørkret.

Bremstein fyr (også kalla Steinan) på Geiterøya sto ferdig i 1925. I fyrlistene i eldre tider sto denne tilrådinga om leia ved fyret: «NB. Bør ikke benyttes av fremmede.» Det 27 meter høge tårnet i støypejarn kneisar stolt til vers der i havgapet utanfor Vega. Tårnet er malt i raudt, med kvitt belte. Noko spesielt, har det både eit hovedfyr og eit bifyr i kvar sin etasje av tårnet. Båe har sterke linser av 2. orden. Det vil seie av det nest største slaget. Det var kjærkome for båttrafikken utanfor. (Sjå video i botn av artikkelen.)

Isolert og einsamt?

Nært attmed tårnet, i mest mogleg le for storm og sjøgang, vart det bygt fleire bygningar: bustadhus, maskinhus, uthus, naust og landing. Det meste er støypt i betong, for å tole vêrtilhøva. Boligen var ikkje meint for familiar. Til det meinte ein at staden låg for einsamt til. Her skulle fyrvaktar, fyrassistent og reserveassistenten bu. Men på 30-talet hadde fleire av arbeiderane familiane sine likevel buande. Inne i bustaden delte dei felles stove, kjøkken og bad. I første etasje var det to soverom og på loftet det tredje. I tillegg hadde ein eit ekstra rom. I uthuset var det eit arbeidsrom for kvar av karane, ei felles vedbu og do. Naustet måtte ein og dele. Fyrvaktaren fekk naturlegvis mest. Sjølv på ei lita øy var der hierarki.

Familieliv på øya i havgapet

Sommaren 1934 flytta familien Woxvold frå Risør til Bremstein fyr. 36 år gamle Norman Woxvold, tidligare krigsseilar frå Risør, skulle arbeide som fyrvaktarassistent. Med seg hadde han kone og tre små gutar. Den yngste var to og eit halvt. Dei budde på den isolerte øya i fem år saman med to andre familiar.

Yngstemann Norman Vågsvoll minnast at det kunne vere vêrhardt på fyrstasjonen. Ved storm kunne sjøen kome opp og slå i rutene i kjellaren. Under ein av stormane gjekk sjøen opp i fyrhagen. Då låg det berre tang og tare att der jord og grønsaker hadde vore. To born skal ha blitt fødd på fyret. I dag er det berre murrestane att av huset familien budde i. Her hadde dei både kjøkken og to stover.

"På sporet" av Bremstein

Uroleg ver og utfordrande landingstilhøve gjer det vanskeleg for folk flest å komme i land på fyret. 57 år etter at han forlét øya, fekk no 64 år gamle Normann Vågsvoll komme attende til fyret, i regi av NRK-programmet Tore på sporet. (Juni 1996)

Norman kunne fortelje at dei hadde ei geit som grasa på det skrinne jordsmonnet på fyret. Då fyrvaktaren si dotter skulle gifte seg inne på Vega vart familien invitert. Geita vart med til pass inne på fastlandet. So overvelda var geita av å komme til overflod av saftig gras at ho rett og slett åt seg i hel.

Hilsen frå 1976

Helgeland Arbeiderblad vitja fyret i september 1976. Då var Bremstein tørnstasjon, med to mann på vakt av gongen. (Sjå bilde frå den gong i bildekarusellen.) I skildringa som Fyrvesenet (no Kystverket) ga ut om fyra i Noreg, stod det om Bremstein: ”Isolert og meget trist. Stor sjøgang og dårlige landingsforhold”. Men dei to fyrvaktarane Håkon Andersen (Vega) og Karl Larsen (Honningsvåg), på vakt då avisa var der i september 1976 berre rista på hovudet over ei slik barbarisk beskriving av arbeidsplassen deira.

- Å være fyrvaktar på Steinan er det likaste arbeidet eg kunne tenke meg, var kommentaren frå fyrmeister Håkon Andersen.

Modernisering må til

I 1961 vart delar av uthuset bygt om, for å gi plass til dieselaggregat. Fyret vart elektrifisert. I stille ver kunne dei frakte varene inn til holmen i ein lettbåt frå forsyningsbåten. Men som oftast måtte både nytt mannskap og varer heisast opp på kaia med kran. I 1980 vart fyrstasjonen automatisert , og den vart avfolka i 1982. 17 år seinare vart fyrstasjonen freda av Riksantikvaren. I dag er fyrstasjonen innanfor Vegaøyan verdsarvområde.

Vern gjennom bruk

Kystverket pussa opp fyrmeisterboligen i 2010 og fyrtårnet i 2016. Kystverket samarbeider med Nordland fylkeskommune og Vega kommune om korleis fyret vert tatt vare på. Kystverket jobbar med å få til samarbeidsavtalar med lokale lag og interesseorganisasjonar som kan vere med å vedlikehalde fyra og gjere dei tilgjengelege for allmennheita. Bremstein fyr er utleigd til interessegruppa Bremstein Fyr DA i ti år mot at dei pussar opp boligen. No er det frivillige som snekrar, malar og pussar opp. Førebels tek dei ikkje imot gjestar. Det er i første omgang planar om å legge ut ei flytebrygge for å lette åtkomsten for småbåtar. Kystverket Nordland gir støtte til anskaffinga.

Bremstein fyr er fortsatt ein pryd for Helgelandskysten. Og skal det fortsette å vere. Her kjenner ein storhavet si velde I framtida håpar ein å kunne tilby overnatting for turistar her. 

Historisk bilde fra Bremstein fyr

_MG_9573.jpg

_MG_9574.jpg

_MG_9575.jpg

2012754_h04e907243e0fab35b3ee_v1324386941_1024x1024.jpeg

70 Karl Larsen fra Honningsvåg og fyrmester Håkon Andersen fra Vega i bestestua på fyret.jpeg

Karl Larsen fra Honningsvåg og fyrmester Håkon Andersen fra Vega i bestestua på fyret.

70fyrmester håkon andersen i tårnet.jpeg

Fyrmester Håkon Andersen i tårnet.

arkitekturguide uit no.jpg

Bremstein fyr 20170724 DSC07990.jpg

Bremstein fyr 20170724 DSC07996 fra utenfor kaia.jpg

Foto: Kystverkmusea/Kystverket.

Til toppen