Hopp direkte til innhold

Skomvær fyrstasjon

Skomvær fyrstasjon har blitt renovert og framstår i ny skrud. I 2010 var riksantikvaren på synfaring på Skomvær, saman med kystdirektøren, representantar frå Fiskeri- og kystdepartementet og Røst-ordføraren.

– Etter at dei blei avfolka har forfall vorte ei utfordring for dei fyrstasjonane vi ikkje har leigd ut. Riksantikvaren sit på verdfull kunnskap knytta til det å ta vare på gamle hus. Vi ville vise riksantikvaren kontrastane mellom bygningane som er gjort noko med, og dei som framleis gjenstår, fortel kystdirektør Kirsti L. Slotsvik.

Manglande vedlikehald gjennom fleire år hadde sett sitt klare preg på den berømte fyrstasjonen og behovet for ei grundig oppussing var stort. Med midlar frå regjeringa sin tiltakspakke i samband med finanskrisa har både betjentbustaden, fyrtårnet, fjøset og naustet blitt renovert. Nesten 9 millionar kroner har oppussinga kosta så langt. Fyrmeisterbustaden, maskinhuset og uthuset står igjen før heile Skomvær fyrstasjon er renovert.

Engasjerer

– Folket på Røst er genuint opptekne av Skomvær fyr, og har vore fortvila over forfallet på Skomvær etter at det blei avfolka i 1978. Gleda er derfor stor over det som no har blitt gjort. Vi vonar at det no vert løyvd midlar til å renovere også dei resterande bygningane på fyrstasjonen, fortel ordførar Arnfinn Ellingsen i Røst kommune, som med intensjonar om vidareutleige ønskjer å bli leigetakar av dei gamle fyrstasjonsbygningane.

Utfordrande

Renoveringa av den freda fyrstasjonen har bydd på sine utfordringar, som naturleg er på ei vêrhard øy langt til havs. Men i følgje entreprenøren er det korkje vêr eller fyrstasjonen sin fredningsstatus som har vore den største utfordringa.

– Nei, vêret kan vi ikkje klage på, og samarbeidet med verneorgana og oppdragsgjevaren har vore veldig godt. Den generelle utfordringa har vore logistikken og det å setje saman ei gruppe som fungerer både sosialt og arbeidsmessig når ein er isolert på ein plass som dette, fortel entreprenør Leif Vere frå Coating Service, som har stått for renoveringa – fordelt på ni veker i fjor sommar og 6–7 veker denne sommaren.

Perfekt restaurert

Og Riksantikvaren er imponert over arbeidet som er gjort.

– Fleire av fyrstasjonsbygningane på Skomvær hadde store fukt- og soppskader. Fyret og betjentboligen er no perfekt restaurert og eg takkar Kystverket og handverkarane for ein framifrå jobb. Dykk er verkeleg fyret for statleg vernearbeid, seier riksantikvar Jørn Holme.

Skomvær_4.jpg

Skomvær_1.jpg

Skomvær_3.jpg

Skomvær_5.jpg

Skomvær_6.jpg

Skomvær_7.jpg

Skomvær_9.jpg

Til toppen