Hopp direkte til innhold

Melinda-hendinga: Stor ulykke til sjøs avverga

Videopodkast

Kva gjer ein når eit 190 meter langt skip, med betydelige mengder tungolje om bord, driv mot land i grov sjø? I Kystpodden hører du korleis mange gode krefter jobba saman for å hindre ei stor naturkatastrofe.

Sjå videopodkast nederst i saka:

Det nederlandske fartøyet Melinda hadde 23 personar om bord og betydelege mengder drivstoff då det miste motorkraft i grov sjø i januar, med kurs rett mot fjøresteinane. Det var situasjonen som Kystverkets sjøtrafikksentral i Vardø (NOR VTS) fanga opp og melde vidare til Kystverkets vaktlag i januar.

– Denne gangen gikk det bra. Takka vere eit godt samarbeid mellom ei rekke etatar blei ei stor ulykke forhindra. Det var ein utfordrande operasjon vermessig, men også eit godt eksempel på korleis nokre av Kystverket sine forebyggende virkemiddel er meint å fungere, seier kystdirektør Einar Vik Arset.

Hør Ståle Sveinungsen, Arve Dimmen og Hans Petter Mortensholm fortelle om Kystverket sine forebyggande verkemiddel, som samen med ei rekke andre redningsaktørar og gode krefter lyktes med å hindre ei naturkatastrofe utanfor Andøya i Nordland. Programleiar er kystdirektør Einar Vik Arset.

Kva gjer ein når eit 190 meter langt skip, med betydelige mengder tungolje om bord, driv mot land i grov sjø? I denne videoutgåva av Kystpodden hører du korleis mange gode krefter jobba saman for å hindre ei stor naturkatastrofe. Programleiar er Einar Vik Arset. Publisert
KV Harstad jobber med å sette slep på bulkskipet Melinda. Foto: Kystvakten
Til toppen