Hopp direkte til innhold

Avhending av statlege fiskerihamner

Kystverket avhender statlege fiskerihamner som ikkje lenger er i bruk som fiskerihamner.

Målet er at desse anlegga skal få annan bruksverdi og dermed ny aktivitet som kan kome lokalsamfunnet til gode. Fiskerihamnestatusen har gjeve avgrensingar på kva hamna kan brukast til. Gjennom sal av desse hamnene kan denne statusen endrast og gje alternative bruksmåtar. Dette kan kome lokalsamfunnet til gode gjennom etablering av ny næringsverksemd og høve til fritidsaktivitetar.

Stortinget har beslutta å reversere regionreforma og gjeninnføre statleg ansvar og eierskap i fiskerihamnene. Avhendingsprosessen held frem som før og skjer parallelt med arbeidet med tilbakeføring av fiskerihamnene til Kystverket.

Avhendingsoppdraget vert gjennomført etter Stortinget sine føringar, som m.a. seier at sal av dei ikkje-næringsaktive fiskerihamnene skjer til moglege kjøparar etter følgjande prioriteringsrekkefølgje:

  1. Statlege institusjonar (vederlagsfri overtaking)
  2. Kommunale eller fylkeskommunale institusjonar (til takst)
  3. Foreiningar med allmennyttige føremål (til takst)
  4. Private (på den opne marknaden)

Det har vore stor interesse for å kjøpe ikkje-næringsaktive fiskerihamner. 

Her er liste, med status, for hamner som er i ein avhendingssituasjon per 01.03.2023.

Navn Kommune Fylke Takst Kommentar
         
Møre og Romsdal        
Valkve Giske Møre og Romsdal 400.000 Offentlig avklaring pågår
Haram Ålesund Møre og Romsdal 600.000 Offentlig avklaring pågår
Nordre Bjørnsund Hustadvika Møre og Romsdal Ikke taksert Takseres våren 2023
Søndre Bjørnsund Hustadvika Møre og Romsdal Ikke taksert Takseres våren 2023
Edøy Smøla Møre og Romsdal 300.000 Retakseres våren 2023
         
Trøndelag        
Halten Frøya Trøndelag 100.000 Annonseres for allmennyttige foreninger 
Yttervågen Osen Trøndelag 300.000 Selges av forsvarsbygg
Gjerdingen Nærøysund Trøndelag 200.000 Selges av forsvarsbygg
Nordøyan Nærøysund Trøndelag 100.000 Selges av forsvarsbygg
         
Nordland         
Sanna Træna Nordland 300.000 Avklaring med Træna kommune pågår 
Tind Moskenes Nordland 5000 Er i dialog med grunneier 
         
Troms og Finnmark        
Grense Jacobselv Sør-Varanger Troms og Finnmark 50.000 Selges av forsvarsbygg 
Store Ekkerøy Vardø Troms og Finnmark 150.000 Selges av forsvarsbygg 
Breivik Hasvåg Troms og Finnmark 100.000 Selges av forsvarsbygg 
Slettnes Karlsøy Troms og Finnmark 5.000 Selges av forsvarsbygg 
Omgang  Gamvik Troms og Finnmark 2.000 Selges av forsvarsbygg 

 

 

Kontakt

Avdelingsdirektør

Vigdis Trulssen Bye /
Til toppen