Anette Bonnevie Wollebæk, kommunikasjonsdirektør i Kystverket, intervjuar kystdirektør Einar Vik Arset.
KI-støtta oppsummering:
- Høg brukartilfredsheit, men ikkje tid for kvile: Brukarundersøkinga 2024 viser svært gode resultat – 96 prosent har eit positivt totalinntrykk, og dei fleste meiner Kystverket gjer sjøvegen tryggare og meir framkomeleg. Kystdirektøren er glad for tala, men understrekar at etaten alltid må finne nye forbetringsområde.
- Tilliten er avgjerande: Arset meiner den tette dialogen med profesjonelle brukarar til sjøs er nøkkelen til suksess. Tillit frå næringa har stor verdi for dei vala Kystverket skal ta framover.
- Digitale tenester må bli meir brukartilpassa: Nokre digitale løysingar får lågare skår på brukarvenlegheit. Kystdirektøren vil satse på betre integrering og meir intuitive system, der brukarane får sømlause tenester uavhengig av teknologi. Digitalisering skal gjere kvardagen enklare for brukarane. Kystverket vil bruke teknologi til å støtte, ikkje erstatte, dialogen med brukarane.
- Kystkultur og lokalt samarbeid: Brukarane ønskjer meir dialog om fyr og kystkultur. Arset vil styrkje samarbeidet med lokale aktørar, halde musea levande og gjere kulturminne digitalt tilgjengelege.
- Klimaendringar krev innovasjon: Klimaendringar gir òg utfordringar for hamner og sjømerke, noko Kystverket møter med innovasjon og betre vedlikehald. Arset peikar på at både skipstunnelar, moloar og nye materialval er viktige tiltak for tryggleik og robust infrastruktur. Han løftar fram behovet for meir kunnskapsdeling og bruk av verktøy som MarU.
Oppfølging av Kystverket si Brukarundersøking 2024
Undersøkinga frå 2024 syner at 96 prosent av brukarane har eit positivt totalinntrykk og høg tillit til Kystverket, medan 91 prosent meiner at etaten bidreg til å betre framkomelegheita til sjøs, og 92 prosent svara positivt på at Kystverket gjer sjøvegen meir sikker.
– Det vert nesten litt rart å spørje om dette, Einar, men er du nøgd med resultatet?
– Me har fått veldig god respons alle dei tre gongene me har gjennomført undersøkinga no, og eg er glad for både resultatet og ikkje minst for alle som tek seg tid til å svare. Kystverket sine viktigaste brukarar er på sjøen, dei er profesjonelle, og dei gir oss dagleg tydelege tilbakemeldingar. Me treng den gjensidige tilliten, det har stor verdi for vala me skal ta for framtida, fortel kystdirektør Einar Vik Arset.
– Med såpass tett dialog i det daglege, og gode resultat, kan ein jo undre på om det er verdt å gjennomføre ei undersøking som dette?
– Eg er av den oppfatninga at me bør samanliknast med oss sjølve over tid for å ha eit godt grunnlag for forbetring. Det er ikkje så mange verksemder som liknar på oss her i landet, så ei direkte samanlikning med andre er ikkje så lett, dermed vert det desto viktigare å følgje med på eigen utvikling over tid. Det kan vere at undersøkinga ikkje treng å gjennomførast anna kvart år som me har gjort til no, samstundes er kvardagen til brukarane av tenestene våre i konstant endring, og me skal følgje med. Dessutan må me ikkje oversjå at sjølv om resultata er gode no, så les me også forbetringsområde bak tala. Me har oppgåver å ta tak i for å halde brukarane nøgde også i framtida.
Større krav til digitale tenester
Eit forbetringsområde som kjem fram i undersøkinga er brukartvenlegheit på dei digitale tenestene til Kystverket. Fleire av desse skårar noko lågare enn sist på brukartvenlegheit, mellom anna Kystdatahuset, Fiskinfo, Båtfart, Arcticinfo og den nyaste tenesta NAIS. I likskap med befolkninga generelt ynskjer Kystverket sine brukarar seg endå meir saumlaus integrering av digitale tenester. Kystdirektøren lovar sterk merksemd på dette framover.
– Kystverket har vore tidleg ute med digitale løysingar på viktige område for brukarar og myndigheiter. Det har vakse fram etter kvart som me ser moglegheiter for å forbetre tenestene. Men me har meir å hente på å utnytte moglegheitene i måten me deler og hentar data på tvers. Den maritime næringa bryr seg lite om vårt interne organisasjonskart, dei skal kome effektivt og sikkert fram – anten dei tingar ein los, sjekkar eit kart, kontaktar ein sjøtrafikksentral eller koplar seg til sensorar ein stad – berre for å nemne noko. Det er heller ikkje så viktig for brukarane kva teknologi som ligg bak, om det til dømes er kunstig intelligens i arbeid, det skal berre fungere i kvardagen deira, seier Einar Vik Arset.
Kystkultur engasjerer
Dersom modernisering av tenester vert fordelt på skala frå nytt til gamalt, med kunstig intelligens i den eine enden, så ligg kanskje dei gamle fyrbygningane langs kysten i den andre enden. Kystverket har gjort framsteg i arbeidet med å synleggjere og bevare kystkultur. Respondentane i brukarundersøkinga signaliserer likevel at her er det meir å gå på.
– Dette temaet ligg mitt hjarte nær, seier Arset.
– Undersøkinga peikar på at det bør vere tettare dialog med lokale brukarar når det gjeld kystkultur?
– Ja. Det er gjerne slik at når midlane over statsbudsjettet skal fordelast, går det som gir samfunnsøkonomisk nytte i dag framfor bevaring av det som var. Men kystkulturen vår og fyrhistoria er noko me har grunn til å vere stolte av, og historia har lært oss å verte mellom verdas beste på sjømerking i dag. Me har gode samarbeid med velforeiningar og andre i lokalmiljøet som brenn for fyra. I tillegg har me eit ansvar og ønskje om å halde Kystverksmusea levande, seier han.
Kystverksmusea er etatsmuseum for Kystverket. Museet vart etablert i 2008, og er organisert som eit samarbeid mellom Kystverket, som statleg fagdirektorat, og fem sjølvstendige museumsinstitusjonar: Lindesnes fyrmuseum, Jærmuseet, Viti, Museum Nord og Musea for kystkultur og gjenreising i Finnmark. Desse fem dannar eit museum med heile landet, og heile Kystverket sitt verkefelt som arbeidsområde. Leiinga av etatsmuseet sit ved Lindesnes Fyrmuseum.
– Lindesnes er mest besøkt, og eit flott utstillingsvindauge. Fleire av fyra me har ansvar for kan du no også besøkje digitalt via nettsidene våre. Det fungerer både som syningsrom, og gir viktig dokumentasjon av bryggjene, seier Kystdirektøren.
Klimaet utfordrar
I Brukarundersøkinga vart også representantar for miljøorganisasjonane spurt om deira inntrykk av Kystverket. Her var det også positive svar, men dei ynskjer seg endå sterkare søkeljos på temaet miljø, kanskje særleg med tanke på ekstern synlegheit og avklaring av ansvarsområde. Kystverket sitt ansvar innafor miljø er spesielt knytt til beredskap ved akutt forureining. I tillegg er etaten ein leverandør av miljøfakta, og støttar utviklinga av meir miljøvenlege hamner gjennom mellom anna ei tilskotsordning.
– Det er mange offentlege aktørar i sving når det gjeld konkrete hendingar som påverkar miljøet negativt, som ved eit utslepp, og eg har sympati med dei som opplever det som eit litt uoversiktleg bilete. Me jobbar jamt og trutt med å vere så tydeleg som mogleg når det gjeld ansvaret me er tildelt for akutt miljøberedskap. Det er eit område der linjene skal vere klare, og eg opplever at vår miljøberedskapsavdeling har veldig god kontroll på sine oppgåver når noko skjer, seier Arset, og legg til:
– Som tidlegare rådmann har eg samstundes forståing for at ein liten kommune kan ynskje seg at staten tok større ansvar for opprydding av og til, og ikkje peike så hardt på det kommunale ansvaret. Det bør vere rom for å ta det opp til diskusjon. Lovverket og ansvarsfordelinga er likevel ganske klårt på ansvarsfordelinga per i dag.
– Eit anna miljøtema er korleis skipstrafikken vert påverka av klimaendringane. Veit me kva dette vil bety for sjøsikkerheita for framtida?
– Klimaet utfordrar vedlikehaldet av hamner og sjømerke, og me jobbar med å ta igjen eit vedlikehaldsetterslep i fiskerihamnene etter at ansvaret der vart ført tilbake til oss frå fylkeskommunane. Samstundes ser me på innovative moglegheiter knytt til dømes materialbruk, som kan vere meir verbestandig. Og me ser på nye moglegheiter for fartøyruter for å unngå risiko. I det store og veldig synlege biletet er Stad skipstunnel eit slikt tiltak, men forsterking av moloar og bruk av nye materiale i lykter er i mine auge like viktig.
– Då har eg eit leiande spørsmål; Kystverket har vel også eit datagrunnlag om miljøpåverknad av skipstrafikken som kjem Noreg til gode med tanke på havmiljøet?
– Absolutt! Me er opne for å bidra med vår kunnskap og data om aktiviteten langs kysten. Me har også sett eit behov for endå betre datagrunnlag for simulering av framtidige scenario. Kystverkets Maritime Utsleppsmodell (MarU) er eit nytt reiskap, utvikla nettopp med tanke på det. Me skal verte flinkare til å dele analysane våre eksternt også, eg tek til meg det Brukarundersøkinga seier om eit ynskje om auka synlegheit på dette området.
Tillit også i ei digital framtid
Det er ei klår aktivitetsauke på fleire av Kystverket sine ansvarsområde framover. Fokus på samfunnstryggleik og totalforsvar langs kysten gir dessutan etaten merksemd rundt det den kan og bør bidra med. I dette biletet er det samstundes viktig å ikkje miste fokus på å yte gode tenester til brukarane. Kystdirektøren er oppteken av korleis verksemda framover skal prioritere rett mellom dei viktigaste oppgåvene, og korleis digitalisering kan avlaste manuelle prosessar utan at teknologi reduserer den viktige tilliten som brukarane og andre myndigheiter har til etaten.
– Det er mi oppfatning at tett kontakt mellom maritim sektor og Kystverket sine fagmiljø er vesentleg for det gode resultatet me får i brukarundersøkinga. Dei beste ideane til innovasjon oppstår gjerne her. Så eg trur at vidare utvikling av våre digitaliserte tenester i stor grad må konsentrere seg om å støtte opp om dette. Me skal ha brukarvenlege system som gir endå betre tilgang til kartdata, breiare overvaking av trafikken og betre sanntidsinformasjon, anten det kjem frå trafikkleiar på ein sjøtrafikkstasjon (VTS), ein statslos på jobb eller via ein av våre sensorar, seier Einar Vik Arset.
Kystverket si brukarundersøking 2024
Kystverket si brukarundersøking for 2024 vart gjennomført i mai 2024. Resultata vart publisert i september same år. Undersøkinga vart gjennomført av Reputation Inc via Qualtrics, med utsending til 14.814 kontaktar fordelt på 17 brukargrupper. Dei største gruppene er henta mellom brukarane av SafeSeaNet og Kystinfo. Svarprosenten var 28 prosent.
Sentrale tema:
- Sjøtrafikk og sjøtransport (inkludert lostenester og sjøtrafikksentralar)
- Klima og miljø
- Akutt forureining og beredskap
- Maritim infrastruktur
- Kystkultur