Trioen Bent Arne Rognaldsen, Thor Arne Robertsen og Herstein Halvorsen tok eit avbrekk frå lanterner, merke og fyrlykter for å bistå ein større ryddejobb med isopor som har samla seg i ei vik ved den idylliske øya Sild i Hardangerfjorden.
OV Slåtterøy er eit 15 meter langt fartøy og ein del av Kystverket sine mange arbeidsbåtar. Fartøyet blir først og fremst brukt til drift og vedlikehald av navigasjonsinstallasjonar langs kysten, frå Åna-Sira til Sognefjorden. I tillegg er det utrusta til å kunne bistå Kystverket si beredskapsavdeling med oljeoppsamling ved behov.
Kystverket har fleire båtar av liknande Alusafe-design fordelt på ni vedlikehaldslag langs heile kysten – mellom anna Struten, Myken, Slåtterøy, Stabben, Runde, Storholmen, Kya, Skrova og Lyngøy. Laga har ansvar for drift og vedlikehald av om lag 22 000 navigasjonsinstallasjonar, samt tekniske anlegg på fyrstasjonar.
Rein fjord
16. og 17. september stod det altså litt andre oppgåver på programmet. Saman med mellom anna Sjøforsvaret bidrog Kystverket i den store ryddeaksjonen «Rein Hardangerfjord». Bak henne står miljøstiftinga Framtidshavet, og primus motor Kenneth Bruvik, som jobbar for å spreie kunnskap om plastforsøpling i havet og gjere noko konkret med det.
– Kystverket sin innsats i Rein Hardangerfjord har vore uvurderlig og særs viktig for prosjektet. Me har fått hjelp med ryddeprosjektet i form av båtkapasitet med mannskap og beredskapstøtte med overvaking og karthjelp. Dette har Kystverket spisskompetanse på og dei løftar soleis prosjektet når me har dei på lag, seier Kenneth Bruvik.
Han er grunnleggar av Framtidshavet og initiativtaker til Rein Hardangerfjord, og meiner bestemt at me er avhengig av samhandling mellom etatar, kommunar, frivillige, fylke og stat for å lukkast med store ryddeprosjekt. Og Bruvik kommer med ein klar oppfordring:
– Utfordringane er ofte samansatte og difor må innsatsen vera det også. Her kan Kystverket, med sin unike kompetanse og kjennskap til kysten spela ei sentral rolle. Spesielt innan kartlegging, beredskapsfunksjonar og kunnskap om kysten veit me at Kystverket er sterke og me i Framtidshavet ønsker oss i endå større grad samarbeid og involvering frå Kystverket. Samarbeid er nøkkelen for ein reinare kyst.
Brei fagkompetanse
– Når vedlikehaldslaga er ute på holmar, skjer og fyrstasjonar langs norskekysten, nyttar dei samstundes høvet til å rydde marint avfall som har drive i land. På denne måten bidreg dei ikkje berre til trygg ferdsel på sjøen, men også til eit reinare og meir berekraftig kystmiljø, presiserar Roger Holgersen, seksjonssjef i avdelinga for rederi, fyr og sjømerking.
Kvart lag består av seks medarbeidarar og opererer frå fartøy på inntil 15 meter, arbeidsbilar og helikopter. Samla representerer dei ei brei fagkompetanse innan elektro, måling og overflatehandsaming, sveising, tømrarfag og motorvedlikehald. I tillegg har medarbeidarane omfattande erfaring med arbeid i krevjande kystmiljø og gode klatreferdigheiter.
– Oppgåvene omfattar langt meir enn ordinært drifts- og vedlikehaldsarbeid. Laga utgjer ein viktig operativ ressurs ved oljevernaksjonar og naturhendingar, og dei bidreg jamleg til å fjerne farleg avfall og hindringar som kan utgjere ein risiko for sjøtrafikken. Ved behov stiller dei også kompetansen og kapasiteten sin til disposisjon for andre offentlege etatar, forklarar Holgersen.
(Video: Ryddeaksjonen «Rein Hardangerfjord» – her frå øya Sild, der det i hovudsak var ein større jobb med å plukke enorme mengder isoporkular.)
}