Hopp direkte til innhold

Lostenesta ønsker grønare transport i lufta

På utvalde oppdrag må losen fraktast til eller frå oppdraget med helikopter - no skal tenesta snart ut på anbud. Foto: Ola Moen.

Lostenesta utfører rundt 40 000 losoppdrag i året - og på rundt 1200 av desse må losen fraktast med helikopter. No planleggast det ei ny anskaffing av tilbringarteneste av los med helikopter.

Kystverket planlegg ei ny anskaffing av tilbringarteneste av los med helikopter, og ønsker derfor å orientere flest moglege tilbydarar før sjølve konkurranseutlysinga kjem ut. Noverande tenestekonsesjonskontrakt går ut 1. juli 2025 – og ny anskaffing blir kunngjort i første kvartal i 2024, for å sikre tilstrekkeleg mobiliseringstid.

Målet med informasjonsførespurnaden (RFI) er å informere marknaden om ei kommande anskaffing og samstundes be om innspel på korleis vi best kan oppfylle den tenesta vi har behov for. Lostenesta vil mellom anna sjå på korleis tilbringartenesta kan bli grønare.

Kun til utvalde oppdrag

Det er oftast båt som vert nytta for å frakte losen til eller frå fartøyet som skal losast. Nokre stader må det likevel brukast helikopter for å få losen om bord på ein trygg og effektiv måte. Oftast heisast då losen opp eller ned frå helikopteret.

– Helikopter vert nytta på berre 1180 av i underkant av 40 000 losoppdrag årleg. Det er fordi transport av los med helikopter er avgrensa til fartøy med farleg og/eller forureinande last til bestemte olje- og gassanlegg: Kårstø, Sture, Mongstad, Nyhamna og Melkøya, forklarer Bjørn Lidal, seniorrådgivar i Kystverket si losteneste.

Ønskjer grønare teknologi

Kystverket skal legge til rette for trygg, miljøvenleg og effektiv ferdsel i farleiene og i norske havområde, og hindre og avgrense miljøskade ved akutt forureining eller fare for akutt forureining.

– Sjølv om helikoptertransport totalt sett gjeld ein liten del av alle losoppdrag, er det ein energikrevjande transportform. Vi er derfor svært interesserte i korleis leverandørar i marknaden ser føre seg utviklinga av transporttenester med helikopter dei neste 5-10 åra, spesielt med omsyn til klima og miljø, som til dømes bruk av grøne teknologiar, berekraftig drivstoff og energioptimalisering. Vi ønsker å forme konkurransen slik at aktuelle leverandørar best mogleg får vise sitt potensial til å kunne oppfylle ein slik tenestekonsesjon, seier losdirektør Erik Blom i Kystverket.

loshelikopter Ola Moen_2.jpg

Kontakt

Seniorrådgiver

Bjørn Lidal /
Til toppen