Hopp direkte til innhold

Planlegg ny undersøking ved vraket av U-864 ved Fedje

Kystverket er i gang med å planleggje ei ny undersøking av vrakdelane etter den tyske ubåten U-864, som ligg på havbotnen utanfor Fedje i Vestland.

Målet er å få meir detaljert kunnskap om sjøbotnen, om gjenstandar i og rundt vraket, og om dei to hovuddelane av sjølve ubåten.

Undersøkinga skal gi viktig kunnskapsgrunnlag for neste steg i arbeidet med å handtere det miljøfarlege vraket. Kystverket planlegg å gjennomføre ei meir grundig undersøking i løpet av 2025. Då vil målet vere å få fysisk tilgang til kjølkassene og kvikksølvbehaldarane om bord, for å kunne vurdere tilstand og vidare handtering.

Har signert kontrakt med Reach Subsea AS

Etter ein grundig anskaffingsprosess, med marknadsdialog og open anbodsrunde, er kontrakten tildelt Haugesund-selskapet Reach Subsea AS. Dei leverte det beste tilbodet totalt sett, basert på kvalitet, metode, kapasitet og pris.

Reach Subsea leverer teknologiske løysingar og tenester til kundar som treng havdata og maritime tenester.

Arbeidet på Fedje er ein del av det langsiktige arbeidet med å redusere risikoen for miljøskadar frå kvikksølvet om bord i U-864, som har lege på havbotnen sidan 1945. Kystverket legg vekt på ei trygg, grundig og kunnskapsbasert tilnærming i dette krevjande og viktige miljøoppdraget.

Til toppen