Kystverket tek ansvar for sjøvegen og produserer viktige fellesgode for samfunnet. Vi er delvis brukarfinansiert og delvis finansiert over statsbudsjettet. Hovudformålet er å sørge for sikker og effektiv ferdsel i farleier langs kysten og inn til hamner, og sørge for ein nasjonal beredskap mot akutt forureining.
Vi deltek i planmedverknad og utøvar mynde etter hamne- og farvasslova, delar av forureiningslova, svalbardmiljølova og plan- og bygningslova.
Dei viktigaste oppgåvene våre er:
- Utvikling og vedlikehald av farleier
- Fyr- og merketenester
- Trafikksentraltenester
- Lostenester
- Meldingstenester og navigasjonsvarsel
- Statleg beredskap mot akutt forureining
- Utgreiing og transportplanlegging
- Hamnesikkerheit (ISPS)
- Verksemda omfattar maritim sektor av Nasjonal transportplan (NTP), samt myndigheits- og forvaltingsoppgåver knytt til lover og regelverk for hamner, farleier og losplikta.
For å løyse desse nasjonale oppgåvene, samarbeider vi breitt med andre offentlege etatar med ansvar for sikkerheit, transport og beredskap på tilgrensande område. Vi deltek også aktivt i internasjonalt arbeid innan våre fagfelt.