Hopp direkte til innhold

Status 2026: IALA-omlegging, nytte og læring

Internasjonale standardar i dagleglivet – korleis endre ein 150 år gammal praksis? Korleis nytte bi-effektar til andre formål, nye ­arbeidsmetodar, endringar i farleia og samstundes halde brukarane lukkelege og ­kystkulturen i hevd?

Foto: Arnt Edmund Ofstad/Kystverket

Denne artikkelen er henta frå Status 2026, Kystverket si årlege artikkelsamling om utvalde tema som er sentrale for rolla og utviklinga til sjøtransporten.

Av Guttorm Tomren, seniorrådgjevar i Kystverket, og
Tatjana Eriksen, seksjonsleiar i Kystverket

KI-støtta oppsummering
  • Kystverket har lagt om norske sektorlykter til internasjonal IALA-standard. Nye lyskjelder har gitt betre oppetid, kvalitet og drift.
  • Omlegginga vart brukt til å gjennomgå heile merkesystemet. Kvar lykt vart vurdert ut frå nautisk behov, teknisk tilstand og planlagt vedlikehald.
  • Elektrikarar, ingeniørar, nautisk personell, vedlikehaldslag og fartøy utvikla nye arbeidsmåtar og fordelte oppgåvene etter kompetanse og kapasitet.
  • Lokale skilnader kravde tilpassa løysingar, medan felles utfordringar gav betre samarbeid og kunnskapsdeling på nasjonalt nivå.
  • God informasjon til sjøfarande og lokalsamfunn var avgjerande. Engasjementet viste at lyktene både er navigasjonsinnretningar og ein del av kystkulturen.
  • Omlegginga vart gjennomført utan registrerte uhell for sjøfarande. Den viser at eit nødvendig standardkrav kan gi betre sjøsikkerheit, meir effektiv ressursbruk og nye måtar å ta vare på kysthistoria på.

Alt er ikkje berre pengar

Utgangspunktet var enkelt, vi skulle gjennomføre ei endring for å tilfredsstille ei IALA retningslinje, som elles vert følgd verda rundt for sektorlykter. Skandinavia er tyngdepunktet for bruk av sektor­lykter internasjonalt, og etter ein sjekk fann vi ut at våre naboland allereie følgde IALA retningslinjene. Så då bretta vi opp ermane og tok tak.

Analysen viste positive tal for både oppetid, kvalitet, menneskelege faktorar og effektivitet (les pengar). Innføring av nye lyskjelder i sektorlyktene opna for nye moglegheiter i måten ein driftar og held vedlike sektorlykter. I sum så vart det slik at vi no hadde det tekniske grunnlaget på plass for eit systemskifte, vi måtte berre sikre oss at vi utførte skiftet på best mogleg måte med dei ressursane vi hadde (les menneske). 

I same tidsrommet skulle vi også redusere vedlikehalds­etterslepet for navigasjonsinnretningar. Då må ein ikkje bruke pengar på ei lykt som seinare skal rivast. Så i starten gjennomførte vi eit stort arbeid med korleis ein skulle angripe arbeidet. Arbeidet med IALA omlegginga måtte prioriterast og koordinerast med anna vedlikehaldsarbeid, samt ei vurdering av funksjonaliteten til merke­­systemet. Vi skal alltid ha så mange sektorlykter som det er behov for, ikkje færre og ikkje fleire. Dette leia vidare til det faglege arbeidet med implementering av omlegginga.

Planlegging og gjennomføring internt 

Det som alltid er gledeleg i Kystverket er at ein alltid finner nokon med flust av erfaring og kunnskap. I starten var det nok litt motstand/endringsuvilje, ein såg dette som mykje arbeid, sektorlyktene var ikkje innblanda i mange ulukker mellom anna (gledeleg nok). Men som nemnt, det fine med Kystverket er at når folk har tenkt på eit problem ei stund, så kjem dei alltid med ei løysing (ofte fleire løysningar på andre problem ôg). Desse ekstra rammene kunne vi bruke til noko! Enkelte valde å kombinere arbeidsbåtane på nye måtar, andre valde å ta store oppgraderingar på anna utstyr i same område/tidsrom.

Desse nyansane fortel oss at den norske kysten ikkje alltid er heilt lik, trafikkmengd og type trafikk er ulik og landskapet er ulikt. Det var naudsynt med desse nyansane balansert inn i metoden for korleis vi skulle gjennomføre IALA omlegginga, elles hadde vi fått ei løysing som ville missa på dei lokale utfordringane.

Ein stor lærdom er at desse nyansane har blitt løfta fram, men i større grad har ein også funne felles utfordringar/problem som ein har klart å arbeide med i fellesskap. Ein har knytt saman kunnskap i større grad på eit nasjonalt nivå, med betre kunnskapsdeling enn før. Vi har sett at ein kan dele på arbeidet med IALA omlegginga, ein ser ikkje isolert berre på lyskjelda. Er underbygningen dårleg? Er det elektriske anlegget dårleg? Korleis er den nautiske funksjonen til sektorlykta? Treng ein meir merking? Kan objektet leggast ned? Her har byggingeniøren, elektrikaren og nautikaren jobba saman. 

Slik sett har IALA omlegginga indirekte medført at ein har fått en god gjennomgang av nautisk funksjon til heile merkesystemet, er det noko som manglar, kan noko forbetrast?

For dei objekta som ein vel å vidareføre så har ein sett på nye måtar å løyse oppgåvene på, ein har sett på heile ressursparken til RFS, kven har tid, kven har kapasitet, kva er mest rasjonelt? Dette har ført til at noko av arbeidet vert løyst av vedlikehaldslaga, slik som byte av batteri og elektriske komponentar, så kjem fartøya med skjermar og føretek kontroll­skjerming. Andre gonger må fartøya gjere heile jobben, når eit anlegg skal rivast og byggast opp igjen.

Foto: Michal Siarek

I same tidsrom som IALA omlegginga gjekk føre seg har vedlikehaldslaga i Kystverket fått større og kraftigare fartøy, noko som har gjort dei i stand til å ta ein større del av arbeidet med omlegginga. Vi har sett og lært at samhandling mellom fartøy og vedlikehaldslag er både kjekt og klokt, der kunnskap har blitt både skapt og delt. Vi har lært at vi klarer store omleggingar, dersom heile laget er med, og det er særs kjekt å sjå.

Eksterne aktørar

I arbeidet ved starten av prosjektet så intervjua vi eksterne sjøfolk. Dei såg ikkje mørkt på dette, og dei støtta hovudtanken bak omlegginga. Dei var ute etter god informasjon i forkant, så skulle dei sjølve kunne handtere dette fint.

Vi ser at behovet for informasjon har halde seg oppe under heile omlegginga. Ein har jobba i geografisk definerte områder, slik at det har vore ulike brukarar som har blitt «råka» til ulike tider og difor har hatt behov for informasjon.

Det har vore utfordrande å halde oppe trykket i ein slik prosess, med informasjonskampanjar og skriv til eksterne og interne år etter år. Varsling gjennom aviser og lokalmedia har også vore nytta, pluss Etterretning til sjøfarende (Efs). Vi har og oppretta nettsider med kart over framdrift, laga infofilm og trykksaker til båtmesser. 

Har vi missa noko?

Vi må seie at vi nok har missa på det store ­engasjementet lokalt, både frå landkrabber og frå folk som tidlegare/framleis nyttar sjøen som ein stad for matauk eller kjelde til sjelefred. Ikkje sjeldan så har første klage til skisserte planer ikkje kome frå sjøfarande (i relasjon til Efs), men frå folk som har lest i lokalmedia, eller nokre gongar frå folk som har sett at «deira lykt» har skifta farge på andre sida av fjorden. Når vi så fortel kva som har skjedd, så har vi stort sett fått skryt, folk set pris på arbeidet Kystverket gjer langs kysten. 

Topografien langs kysten varierer, og trafikken likeins. Det har difor vore nødvendig å justere navigasjonsvegleiinga nokre stader. Når vi har varsla at vi ynskjer å legge ned sektorlykter så har dette i enkelte tilfelle skapt stor merksemd. Vi har i dette arbeidet framlagt vårt ansvar for sikker ferdsel, at vi må standardisere, at vi må drive effektivt og at det er dei sjøfarande sine meiningar vi må vektlegge tyngst.

Vi har likevel gått langt i å arbeide fram kompromiss, utan at det skal gå ut over sjøsikkerheita på lang sikt. Dette har medført at vi i mange tilfelle har fjerna sektorlykter, for deretter å låne dei ut til organisasjonar i nærområdet. På denne måten kan dei gamle lyktene fortsette å formidle kystkultur, historie og teknisk utvikling på ein annan, men flott måte, i nærmiljøet. 

Kva har vi lært?

Vi har lært at Kystverket har ein stor kunnskapsbase, vi har mange ulike roller og bitar i det store biletet med å halde kysten vår den reinaste og sikraste. Vi har sett at når ein har eit klart mål, og når vi samarbeider, så får vi til det meste. Vi har bygd om kysten til IALA standard for sektorlykter, samstundes som det har vore pandemi, vi har omorganisert og det har brote ut krig i Europa. Ikkje ein liten prestasjon, og utan at det har vore logga uhell for dei sjøfarande. Det er mange i Kystverket, både på land og sjø, som kan være stolte av dette!

Status 2026 er Kystverket si årlege samling av fagartiklar om utviklinga langs kysten og...

Fag Publisert Oppdatert
Til toppen