Hopp direkte til innhold

Innsegling Florø og Mortingbåen

For å styrke ei sikker og framkomeleg innsegling til Florø og hovudlei ved Mortingbåen, planlegg Kystverket å utbetre farleia. I utkast til handlingsplan basert på NTP 2022–2033 er prosjekta venta å vere under gjennomføring i 2023 og 2024.

For offshoreriggar som opererer på norsk sokkel har det blitt meir og meir vanleg med korte verftsopphald for å gjennomføre mindre ombyggingar eller reparasjonar. Riggane som kjem inn for slike oppdrag er vanlegvis lasta med mykje utstyr og flyt difor djupare enn ein rigg i ballastkondisjon. Ved slike korte oppdrag vil seglingsdistansen og transportkostnadane spele ein vesentleg rolle.

Slik situasjonen er i dag, set innseglinga til Florø ei avgrensing på kva for type riggar som kan anløpe Florø hamn for ombygging, klassing og vedlikehald. Djupne- og breiddeforholda i innseglinga har ført til at verftet i Florø har tapt kontraktar, samstundes som riggar som opererer på norsk sokkel utanfor Florø-området er nøydd til å segle over lengre distansar for å komme til verft som har ei innsegling utan avgrensingar.

For å auke framkoma i innseglinga, slik at fleire riggar kan anløpe Florø hamn, planlegg Kystverket difor å utdjupe farleia til 19,3 meters djupne og utvide seglingskorridoren til 140 meters breidde. I tillegg planlegg Kystverket å utdjupe Mortingbåen, som ligg i hovudleia vest for Florø, og fire mindre grunner til -14,3 meter. Området ved Mortingbåen er prega av fleire grunne områder og eit komplisert trafikkbilete med kryssande trafikk.

Det er høg risiko for grunnstøyting i området, samstundes som Mortingbåen utgjer ein flaskehals for større fartøy som segler innaskjers. Seglingsbreidda som er der i dag gjer at større fartøy er nøydd til å segle utanskjers med større seglingsdistanser og dårlegare vêr. Føreslåtte tiltak:

Innseiling Florø.png
Innseiling Florø
Mortingbåen.png
Mortingbåen.
  • Innseglinga til Florø skal utdjupast til -19,3 meter, slik at breidda på seglingskorridoren blir utvida frå 120 meter til 140 meter. Utdjupinga medfører eit opptak av 118 000 m3 prosjekterte faste massar over eit areal på 48 000 m2. Det skal etablerast ei ny navigasjonsinnretning i samband med tiltaket, samstundes som nokre av dagens navigasjonsinnretningar må flyttast for å bli tilpassa den nye seglingskorridoren.
  • Mortingbåen og fire mindre områder skal utdjupast til -14,3 meter. Utdjupinga generer eit opptak av 135 000 m3 prosjekterte faste massar over eit areal på 30 000 m2. Utdjupinga gjer at det ikkje vert bruk for tre navigasjonsinnretningar som i dag står på Mortingbåen. Desse vert fjerna. Vidare må sektorane på fire lykter i området tilpassast den nye farleia.

Det er eit mål at tiltaka ved Florø og Mortingbåen skal:

  • Betre framkoma for offshoreriggar til og frå Florø hamn
  • Betre framkoma for større fartøy i hovudleia vest for Florø
  • Redusere sannsynlegheita for grunnstøyting og berøring av sjøbotn
  • Redusere sannsynlegheita for ulykkeshendingar med tap av liv, personskadar, materielle skadar og utslepp av olje og andre kjemikalieprodukt

Det føreligg ein godkjend reguleringsplan for tiltaka. I utkast til handlingsplan basert på NTP 2022–2033, er prosjektet venta å vere under gjennomføring i 2023 og 2024.

Til toppen