Hopp direkte til innhold

Nærøyfjorden – Norafjorden

For å auke sikkerheita og framkoma i farleia, planlegg Kystverket å etablere fem nye navigasjonsinnretningar i Nærøyfjorden og ein ny navigasjonsinnretning på ei umerka grunne i Norafjorden.

Nærøyfjorden vert hovudsakleg trafikkert av lasteskip, turistskip og passasjerfartøy. Fjorden er stadvis smal, med fleire grunne områda og sterk straum. Høge fjellsider kan skape landskygge og tidvis tap av GPS-signal, samstundes som det er lite lys å navigere etter ved nattseglasar. Dette gjer Nærøyfjorden til ein utfordrande fjord å segle i.

Nærøyfjorden – Norafjorden info.png

Navigasjonsinnretningane skal fungere som ei ytterkantmarkering for seglingskorridoren og gje eit visuelt referansepunkt dei sjøfarande kan navigere etter. Tiltaka skal styrke sikkerheita og framkoma i fjordane og er venta å bli utført i løpet av 2022.

Kontakt

Senioringeniør

Olof Martin Fransson /
Til toppen