Hopp direkte til innhold

Bergen–Sognesjøen

For å auke sikkerheita og framkome i farleia, skal Kystverket etablere 19 nye navigasjonsinnretningar i farvatnet mellom Bergen og Sognesjøen. Sju av desse skal plasserast i vêrutsette områder og må etablerast på større merkefundament.

Området frå Bergen og nordover mot Sognesjøen er prega av stor hamneverksemd og mykje skipstrafikk. Her finn ein mellom anna godshamn, verft- og serviceindustri, terminaler for cruise og passasjertrafikk, samt oljeterminaler og forsyningsbaser for petroleumsrelatert industri. Saman med høg trafikktettleik og stadvis komplisert trafikkbilde er umerka holmar, grunner og skjær ei utfordring i området. Det er behov for fleire referansepunkt som tydeleg markerer ytterkanten på farleia og som fungerer som gode hjelpemiddlar for navigasjon.

I vêrutsette områder er ofte merkinga dårleg eller fråverande på grunn av dei stadlege tilhøva. Samtidig vil høg bølgegang påverke manøvreringsevna til skipa og gjere det vanskelegare å navigere. Dette styrkar behovet for å etablere navigasjonsinnretningar i desse områda. For å auke sikkerheita og framkoma i farleia, skal Kystverket etablere 19 nye navigasjonsinnretningar i farvatnet mellom Bergen og Sognesjøen. Sju av desse skal plasserast i vêrutsette områder og må etablerast på større merkefundament.

Bergen-Sognesjøen info.png

Arbeidet med å etablere nye navigasjonsinnretningar blir i hovudsak utført av Kystverket i eiga regi. Arbeidet er i gang og er planlagt ferdig sommaren 2026.

Til toppen