Hopp direkte til innhold

Borar gjennom skipstunnelen for å undersøke fjellkvalitet

Bilde av boremaskin
Kystverket er i gang med ei ny runde med kjerneboring frå Kjøde-sida av skipstunnelen. Biletet viser boreriggen som er sett opp i overkant av fylkesvegen.
Foto: Kystverket

Kystverket har starta ei ny runde med kjerneboring for å undersøke fjellkvaliteten i traseen for Stad skipstunnel. Arbeidet blir gjort for å redusere usikkerheita før den komande tunneldrivinga og sikringsarbeidet i tunnelen.

Boringa skjer frå Kjøde-sida, der ein borerigg går inn i fjellet i overkant av fylkesvegen. Totalt skal Kystverket bore opp mot 1050 meter i retning nordvest, parallelt med planlagt skipstunnel. Kjerneprøvene har ein minimumsdiameter på 45 mm.

Borar for andre gong

Kjerneboringa er ei vidareføring av arbeidet som blei gjort i 2019, då ein totalt sett kom seg 800 meter inn i fjellet, men berre dryge 150 meter av desse var frå Kjøde-sida.

– Målet no er å få bora gjennom resten av tunnelen, slik at heile tunnelløpet på totalt 1700 meter skal vere kartlagt. Vi gjer dette for å ha betre kontroll på fjellkvalitet og grunntilhøve, som er eit sentralt risiko- og usikkerheitselement i prosjektet, seier prosjektleiar for Stad skipstunnel i Kystverket, Terje Skjeppestad.

Boringa, som utførast av Entreprenørservice AS, skal halde fram til litt utpå hausten. Arbeidet skal gjerast på dagtid.

Regjeringa har bedt Kystverket om å sjå på muligheiten for å redusere kostnadane med å bygge Stad skipstunnel.

– Vi jobbar kontinuerleg med å optimalisere prosjektet og redusere usikkerheit og kostnader. Kjerneboringa er ein del av dette. Greier vi å redusere risiko og usikkerheit, greier vi også å redusere kostnader, seier Skjeppestad.

Fakta Stad skipstunnel

Bilder viser hvor seillingsledene går, og hvor Stad skipstunnel vil bli bygd

STAD SKIPSTUNNEL

Stadhavet er det mest værutsatte og farligste havstykket som er langs norskekysten. Målet med prosjektet er å sikre en tryggere seilas, og mer forutsigbar regularitet for skipstrafikken forbi Stad.

NØKKELTALL

  • Lengde: 1700 meter for selve tunnelløpet - Ca. 2200 meter fra tuppen av entringskonstruksjon på den ene siden til tuppen av entringskonstruksjon på den andre siden
  • Høyde mellom bunn og tak: 50 meter
  • Bredde mellom veggene i tunnelen: 36 meter
  • Seilingshøyde: 33 meter
  • Areal på tverrsnitt: 1661 m2
  • Volum uttak fast fjell: Ca. 3 millioner kubikkmeter. Tilsvarer cirka 5,4 millioner kubikkmeter med sprengt fjell
  • Vedtatt kostnadsramme (juni 2026): 8,588 milliarder kroner (inkl. mva.)
  • Estimert byggetid: Ca. 5 år

BYGGINGEN

Kystverket har tildelt totalentreprisen til AF Gruppen, som skal stå for både detaljprosjektering og bygging av Stad skipstunnel. Kontrakten har en verdi på om lag 5,6 milliarder kroner ekskl. mva., og skal signeres i august 2026. Byggestart er planlagd tidlig i 2027. 

Les meir om Stad skipstunnel

Til toppen