Hopp direkte til innhold

Ny runde med tilskot til effektive og miljøvenlege hamner

Kystverket lyser no ut ein ny runde med tilskot til effektive og miljøvenlege hamner. Tilskotet skal nyttast til å gjennomføre prosjekt som bidrar til å auke effektiviteten i logistikkjeda gjennom tiltak i hamn.

– Ein budsjettauke på årets budsjett gjer at vi kan nå fleire søkarar. Søknadslista i fjor viste at det var fleire gode prosjekt som dessverre ikkje nådde opp i den harde konkurransen. Vi vonar sjølvsagt på like mange søkarar i år! Har du eit prosjekt som kan vere aktuelt for tilskot, så ta gjerne kontakt for rettleiing fram mot søknadsfristen, oppfordrar seniorrådgivar Øyvind Sandbakk i Kystverket.

Tilskotet kan nyttast til investering i hamneinfrastruktur, tilkomstinfrastruktur og mudring. I statsbudsjettet for 2022 er det løyvd 95,5 millionar kroner til denne ordninga. I år må minst 40 millionar av årets løyving gå til eittårige prosjekt.

Fristen for å søke er 6. mars 2022. Meir informasjon om ordninga finn du på www.kystverket.no/effektivehavner

Til toppen