Hopp direkte til innhold

Utlysing av tilskot til effektive og miljøvennlege hamner 2023

Kystverket lyser no ut ein ny runde med tilskot til effektive og miljøvennlege hamner. Tilskotet skal nyttast til å gjennomføre prosjekt som bidrar til å auke effektiviteten i logistikkjeda gjennom tiltak i hamn. Søknadsfristen er 15. mars 2023.

Tilskotet til effektive og miljøvennlege hamner kan nyttast til investering i hamneinfrastruktur, tilkomstinfrastruktur og mudring. I statsbudsjettet for 2023 er det løyvd 98,2 millionar kroner til denne ordninga. Fristen for å søke er 15. mars 2023. Det er mogleg å søke om eittårige og toårige prosjekt.

– Årets budsjett vidarefører budsjettauken frå statsbudsjettet i fjor. Erfaringa vår er at det kjem mange søknadar til denne tilskotsordninga, så skal ein nå opp i konkurransen må søknaden vere god. Det er difor viktig at søkarane tenker nøye gjennom kva slags positive vinstar prosjekta kan gje, seier seniorrådgivar i Kystverket, Øyvind Sandbakk.

Fristen for å søke er 15. mars 2023. Meir informasjon om ordninga finn du på www.kystverket.no/effektivehavner

Til toppen