Hopp direkte til innhold

Stad skipstunnel: Kom til einigheit med grunneigarar

skipstunnel
Skipstunnelen i Kjøde. Her har Kystverket denne veka inngått forlik med fleire partar om kjøp av eigedom som står i vegen for skipstunnelen.
Foto: Kystverket/Multiconsult/Link Arkitektur

Kystverket har inngått forlik med to grunneigarar om overtaking av eigedom som står i vegen for Stad skipstunnel.

Denne veka har Kystverket vore i Sogn og Fjordane tingrett på Nordfjordeid for å avgjere ekspropriasjonsrett og kompensasjon til fleire grunneigarar som mistar eigedom og bygningar på grunn av bygginga av Stad skipstunnel.

Inngjekk forlik

Etter oppfordring frå retten har partane forhandla utanom rettsforhandlingane for å kome til einigheit. Ein sak som handla om naust og tilkomstveg blei forlikt på onsdag, medan partane i dag kom til einigheit om fleire komplekse saker i samband med eigedom og næringsverksemd.

– Det var gi og ta frå begge partar. Heldigvis greidde vi å komme til einigheit i desse sakene før rettsaka var ferdig. Eg trur alle involverte er glade for at desse sakene no er avgjort og ein kjem seg vidare, seier prosjektleiar i Stad skipstunnel Terje Skjeppestad.

Kva blei resultatet?

– Detaljane i forlika går vi ikkje inn på no, men det handlar om kompensasjon for overtaking av eigedom – både hus, garasje, vegar, naust og næringseigedom. Dette blir no kompensert, både gjennom kjøp og gjennom andre avtalar, seier Skjeppestad.

Tre av fire saker

Ein kom til forlik i tre av dei fire sakene som var oppe i tingretten. Den siste saka, som handlar om kompensasjon for ein fritidsbustad, har ein foreløpig ikkje greidd å bli einige om. Det betyr at denne saka skal avgjerast av Sogn og Fjordane tingrett. Avgjersla kjem kanskje før sommaren.

Kontakt

Prosjektleder

Terje Skjeppestad /

Kontakt

Seniorrådgiver

Sveinung Nedregotten /

Les meir om Stad skipstunnel

Til toppen