Hopp direkte til innhold

Status 2025: Verdikartlegging av norske hamner etter sikkerheitslova

Kystverket gjennomfører, på oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet, verdikartlegging av enkelte norske hamner. Dette gjer vi for å gje departementet tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere om det finst skjermingsverdige verdiar med eit særskilt vernebehov i hamnene.

Av Erle Dimmen (seniorrådgjevar, staben for navigasjonsteknologi og maritime tenester, Kystverket)

KI-støtta oppsummering
  • Kystverket kartlegg norske hamner for å finne ut om dei inneheld verdiar eller er ein del av verdikjeder som bør vernast etter sikkerheitslova, på oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet.
  • Sikkerheitslova skal sikre nasjonale interesser som suverenitet, beredskap og samfunnstryggleik. Ho kan gjelde for både offentlege og private aktørar.
  • Sjøtransport står for 90 prosent av godsflyten mellom Noreg og utlandet, og både store og små hamner er sentrale for lokalsamfunn og verdiskaping. I tillegg er fleire havner viktige i beredskapsøyemed. 
  • Verdikartlegginga ser breitt på hamna si rolle, både i notid og framtid, og vurderer kva som er eller kan bli viktige verdiar ved endra samfunnsbilete.
  • Hamner og verksemder må sjølve vurdere risiko - Kystverket si kartlegging kjem i tillegg og ser hamna i eit større bilde.
  • Lokale og sentrale aktørar bidreg i arbeidet  for å få eit heilskapleg bilete av avhengigheiter og moglege verdiar.

Sikkerheitslova

Lov om nasjonal sikkerheit, også kjend som sikkerheitslova, skal sikre Noregs suverenitet, territoriale integritet, demokratiske styringsform og andre nasjonale sikkerheitsinteresser. Den gjeld blant anna for statlege, fylkeskommunale og kommunale organ, leverandørar av sikkerheitsgraderte innkjøp og verksemder som blir underlagt etter vedtak.

Nærings- og fiskeridepartementet er sektordepartement for hamner og har ansvar for å halde oversikt over og peike ut objekt og infrastruktur som skal vernast etter sikkerheitslova.

Eit departement kan innanfor sitt ansvarsområde fatte vedtak etter sikkerheitslova §1-3 om at lova heilt eller delvis skal gjelde for verksemder som mellom anna:

  • Behandlar sikkerheitsgradert informasjon.
  • Rår over informasjon, informasjonssystem, objekt eller infrastruktur som har avgjerande betydning for grunnleggjande nasjonale funksjonar, eller som har avgjerande betydning for nasjonale sikkerheitsinteresser, utan å kunne knytast til ein grunnleggjande funksjon.
  • Driv aktivitet som har avgjerande betydning for grunnleggjande nasjonale funksjonar, eller som har avgjerande betydning for nasjonale sikkerheitsinteresser, utan å kunne knytast til ein grunnleggjande nasjonal funksjon.

Grunnleggande nasjonale funksjoner og nasjonale sikkerheitsinteresser

Grunnleggjande nasjonale funksjonar (GNF) er enkelt forklart dei sentrale funksjonane som er viktige for ein nasjons sikkerheit, stabilitet og velferd. Sikkerheitslova §1-5 definerer GNF som tenester, produksjon og andre verksemder som er så viktige at heilt eller delvis bortfall av funksjonen vil få konsekvensar for statens evne til å ivareta nasjonale sikkerheitsinteresser.

Nasjonale sikkerheitsinteresser (NSI) er i sikkerheitslova §1-5 definert som: landets suverenitet, territoriale integritet og demokratiske styringsform og overordna sikkerheitspolitiske interesser knytt til:
a. Dei øvste statsorgan sin verksemd, sikkerheit og handlefridom
b. Forsvar, sikkerheit og beredskap
c. Forholdet til andre statar og internasjonale organisasjonar
d. Økonomisk stabilitet og handlefridom
e. Samfunnets grunnleggjande funksjonalitet og befolkningas grunnleggjande sikkerheit.

Ein funksjon kan altså regnast som ein GNF dersom den er av betydning for statens evne til å oppretthalde nasjonale sikkerheitsinteresser. Sikkerheitslova krev vidare at funksjonen har avgjerande betydning for at noko skal kunne utpeikast som skjermingsverdig objekt eller infrastruktur.

Terskelen er dermed høg og det må gjerast ei grundig vurdering med kartlegging av avhengigheiter, vurdering av sikringstiltak og redundans før ein eventuelt fattar vedtak om utpeiking av verksemder, skjermingsverdige objekt eller infrastruktur.

Norske hamner

Sjøtransporten har ei viktig rolle i norsk og internasjonal handel. Rundt 90% av alt gods mellom Noreg og utlandet går sjøvegen. Vidare er fleire av dei mindre hamnene «nerven» i samfunnet rundt, og verksemda er avhengig av aktiviteten fartøya genererer ved anløp, anten det er i form av tenester, mottak av fisk, levering av varer eller turisme.

Med over 600 norske hamneanlegg godkjend for internasjonal trafikk, og ei rekke andre anlegg for innanriksfart, har sjøfarten god tilgang på fasilitetar langs heile kysten. Der det er lite redundans og dårleg kapasitet i infrastrukturen på land, vil sjøvegen i mange tilfelle vere eit godt alternativ for å flytte varer og personell frå A til B.

Kystverket si rolle

I arbeidet med å sikre norsk infrastruktur er Kystverket departementet sitt «verktøy» for å gjennomføre verdikartlegging av norske hamner. Det gjer vi for å skaffe departementet tilstrekkeleg grunnlag til å vurdere behovet for å utpeike skjermingsverdige verdiar, eller om det finst verksemder i tilknyting til hamna som anten driv med aktivitet, eller rår over informasjon som er av avgjerande betydning for nasjonale sikkerheitsinteresser.

Verksemder underlagt sikkerheitslova, herunder kommunale hamner, skal regelmessig og på eige initiativ gjennomføre vurdering av risiko og iverksette sikringstiltak for å oppnå forsvarleg sikkerheit. Kystverket si verdikartlegging kjem i tillegg til dette, og hamnene må framleis gjere eigne vurderingar. Kartlegginga vert gjort i tett samarbeid med Nasjonal Sikkerheitsmyndighet (NSM), som og kan støtte hamnene samt verksemdene dersom dei har spørsmål knytt til eigne risikovurderingar.

Verdikartlegging

I arbeidet med verdikartleggingar har Kystverket gått breitt ut og vurdert hamna si rolle både lokalt, regionalt og nasjonalt. Dette gjer vi for å skaffe eit best mogeleg bilete av hamna sin funksjon både no og i ein tenkt framtidig situasjon. Mange hamner handterer i dag viktig vareflyt som samfunnet er avhengig av for å fungere. Hamner kan òg ha verdiar som i dag framstår som mindre viktige og med god redundans, men ei endring i verdsbiletet kan på kort tid gjere ei hamn meir sentral og med høgare betydning for transport og samfunn. Det kan skje at godsstraumen gjennom hamna endrar verdi, det kan vere infrastruktur i hamneanlegget som har låg redundans eller det kan vere lokasjon og tilknyting til annan infrastruktur som får aukande verdi og igjen fører til ending i hamna sin status.

Det er òg viktig å prøve å sjå etter verdiar i hamna som kan oppstå for andre. Dette kan vere verdiar som er vanskeleg å oppdage utan å ha eit oppdatert samfunnsbilete både i mikro- og makroperspektiv. Vi ser at dette endrar seg raskt, og det er krevjande å få fullstendig oversikt.

Relevante aktørar

For å oppnå eit breitt og nyansert bilete er det viktig at vi får innspel både lokalt og sentralt. Kva som skjer i hamna, kva for aktørar som nyttar hamna, og kva som er nye moglegheiter i tida framover, er innspel hamneorganisasjonen må bidra med. Samarbeidet mellom Kystverket og hamnene er godt. Eit viktig bilete teiknar seg i det første møtet med den lokale hamneleiinga. Relevant lokalt næringsliv vert òg bedd om å bidra, både for å beskrive tenestetilbod i området, men like mykje for å byggje eit bilete av verdiskaping og eventuelle avhengigheiter til sjøtransport. Vidare er både kommunale og statlege planar ein viktig del av kartlegginga. For å seie noko om redundans på annan infrastruktur er kontakt med samferdselsetatane bane, luft og veg sentralt. Politi, Toll og Forsvaret er òg sentrale bidragsytarar. Slik byggjer vi eit godt, detaljert og breitt bilete av moglege avhengigheiter til hamn, og hamna si avhengigheit til andre.

Oppsummert:

Gjennom verdikartlegginga ser vi på hamna både lokalt og i det store biletet. Det er mange «brikker» som kan vere relevante og kvar hamn har sine unike særtrekk. Verdikartleggingsarbeidet er ei oppgåve som krev stor grad av samarbeid mellom Kystverket, hamna og andre relevante aktørar. Dette gjer det tidskrevjande. Men arbeidet vil bidra til å styrke departementet sitt arbeid med førebyggande tryggleik.

Det gjev òg Kystverket enno betre innsikt i sjøtransporten og hamnene sine viktige samfunnsroller.

Kystverkets årlige artikkelsamling Status tar for seg utvalgte tema som er sentrale for...

Fag Publisert Oppdatert
Til toppen