Hopp direkte til innhold

Status 2026: Cruiseavgift – ny forskrift etter besøksbidragslova

Kvart år er det mange som ynskjer å nyte synet av Noreg. Nokon leiger til dømes hotellrom, andre vel tilbodet som cruise­næringa gir. Kommunar må stå klare til å ta imot mange turistar på ein gong. Men kven skal betale for reiselivsrelaterte fellesgode? Svaret finn vi i den nye besøksbidragslova.

Denne artikkelen er henta frå Status 2026, Kystverket si årlege artikkelsamling om utvalde tema som er sentrale for rolla og utviklinga til sjøtransporten.

Av Liv Åse Starck, juridisk rådgivar i Kystverket

KI-støttet oppsummering
  • Cruisetrafikken har over tid hatt sterk global vekst, men vart hardt ramma av covid-19-pandemien. Etter pandemien har marknaden teke seg opp att.
  • Analysar viser at cruisetrafikk gir store økonomiske ringverknader lokalt. I Trondheim bidrog cruise- og kystrutetrafikken til 277 millionar kroner i verdiskaping og 291 arbeidsplassar i 2023.
  • Samstundes skaper cruiseturismen belastning på lokale fellesgode som natur- og kulturområde, stiar, toalett, avfallshandtering og annan infrastruktur.
  • Fleire undersøkingar viser at mange opplever attraksjonar som overfylte, og at cruiseturistar kan bidra meir økonomisk til lokalsamfunna dei besøker.
  • Besøksbidragslova vart vedteken i juni 2025 og gir heimel til å innføre ei eiga cruiseavgift som skal finansiere reiselivsrelaterte fellesgode i kommunar med særleg stort besøkspress.
  • Nærings- og fiskeridepartementet sende forslag til forskrift om kommunal cruiseavgift på høyring i mars 2026.
  • Forslaget opnar for at kommunar kan krevje inntil 100 kroner per passasjer per påbyrja 24-timarsperiode eit cruiseskip ligg i hamn eller set passasjerar i land.
  • Avgifta er foreslått å gjelde passasjerskip over 100 meter som seglar etter eit turprogram på minst 24 timar. Hurtigbåtar i ordinær rutetrafikk og internasjonale ferje- og rutetenester er foreslått unnatekne.
  • Forskrifta om cruiseavgift er foreslått å tre i kraft 1. januar 2027.

Ringverknadene av cruisetrafikken

Regjeringa utnemnde i 2020 eit utval til å «belyse de sjøsikkerhets- og beredskapsmessige utfordringene knyttet til cruisetrafikk i norske farvann og tilgrensende havområder, samt å anbefale risikoreduserende tiltak, inkludert hva cruisenæringen kan bidra med». Dette resulterte i NOU 2022:1 Cruisetrafikk i norske farvann og tilgrensende havområder Sjøsikkerhet, beredskap og redning – utfordringer og anbefalinger. Som ledd i dette arbeidet bestilte Kystverket ein rapport frå DNV som gir eit oversyn over cruisetrafikken, samt skisserer framtidige utviklingstrekk. DNV skreiv dermed rapporten Trender og utvikling i cruisetrafikken i norske farvann mot 2040 datert 28. januar 2022.

Av rapporten kjem det mellom anna fram at cruise­marknaden, før Covid-19-pandemien, i lang tid har vore i sterk vekst globalt. Rapporten til DNV viser også at cruiseflåten vart globalt sterkt påverka av Covid-19-pandemien; inntektene forsvann og reiarlag selde fleire cruiseskip til opphogging. Etter pandemien har cruiseflåten tatt seg opp igjen. 

Menon Economics har gjort ei omfattande ringverknads­analyse av cruise- og kystrutetrafikken i Trondheim hamn. Denne viser at cruisetrafikken gir store ringverknader. I 2023 var det totale forbruket til cruisereiarlag og kystruten (Hurtigruten og Havila Kystruten) i Trondheim 289 millionar kroner, mens det totale forbruket til passasjerar på same fartøy var 114 millionar kroner. Menon Economics estimerer at kystrute- og cruise­aktiviteten i Trondheimsregionen la grunnlag for 291 sysselsette og 277 millionar kroner i verdiskaping i 2023. For berre cruisetrafikk vart det estimert at det var sysselsett 100 personar og ei verdiskaping på 84 millionar kroner i 2023. Berekna grunnlag for samla skatteinntekter på bakgrunn av forbruket til reiarlaga og passasjerane i 2023 var på ca. 71 millionar kroner. 

Menon Economics analyse frå Trondheim gir truleg eit representativt nivå på dei økonomiske ­ringverknadene ein kan vente på andre lokasjonar med cruisetrafikk på tilsvarande nivå.

Fellesgode og behovet for at cruiseturismen bidrar til å finansiere desse

I NOU 2023:10 Leve og oppleve, vert fleire særtrekk ved fellesgode peikt ut ved at fleire kan nytte seg av godet samstundes utan at det vert brukt opp, samt at ein ikkje kan forhindre folk i å bruke godet. Det vert vidare vist til at natur- og kulturopplevingar ofte er grunnen til at turistar vel Noreg som feriedestinasjon. Dette skaper eit særskilt trykk på fellesgode som til dømes utvikling og vedlikehald av turstiar. Turismen kan også føre til anna behov for tilrettelegging og ­vedlikehald av naturområda, toalett, søppelhandtering og informasjonsverksemd. 

Det er særleg reiselivsnæringa som er avhengig av tilgangen til fellesgode. I NOU 2023:10 vert det vist til at det er ei sterk kopling mellom reiselivstilbod og etterspørsel etter fellesgode som natur- og kulturressursar. Reiselivstilbod gir økt slitasje på fellesgoda. 

Cruiseturisme fører ikkje berre til store ­ring­­­verknader med økonomisk verdiskaping, men fører også til eit stort trykk når eit høgt tal passasjerar går i land samstundes. I NOU 2023:10 vises det til undersøkingar som viser at cruise­trafikken fører til auka belastning for ­innbyggjarane. Dei fleste av dei spurte i dei ovanfor nemnde undersøkingane meiner at reiselivet har fleire positive enn negative sider, og dei fleste meiner at besøksvolumet i Noreg ikkje er problematisk. Likevel meiner åtte av ti at attraksjonar ofte er overbefolka. Halvparten av dei spurte meiner at dei besøkande ikkje bidrar nok til landbasert forbruk. Når det gjeld cruiseturistar, meiner rundt sju av ti at cruise kunne bidratt meir. 

Om arbeidet med cruiseavgiftsforskrifta

Besøksbidragslova 

Besøksbidragslova vart vedteken 20. juni 2025, men ambisjonen er at ho skal tre i kraft 1. juli 2026. Formålet til lova er å bidra til å finansiere reiselivsrelaterte fellesgode gjennom besøksbidrag i form av avgift i områder med særs stor ­belastning frå reiselivet. Reiselivsrelaterte ­fellesgode som kan verte finansiert av besøksbidrag er, jf. ­besøksbidragslova § 1-1, tenester, natur kulturmiljøa, infrastruktur, bygningar og andre element, der bruken av eller behovet for desse aukar vesentleg med tal på besøkande. Særskilde fellesgode som kan verte finansiert av besøksbidrag for Longyearbyen er også nemnd. 

Opphaveleg var det foreslått at lova berre skulle omfatte overnattingsavgift, som for eksempel utleige av rom, leilegheit, hytte, hus med vidare, samt eit særskilt besøksbidrag for Longyearbyen. Planen var å utgreie og innføre cruiseavgift i eit steg to.  

Stortinget ønskte likevel å vedta heimel til ­cruiseavgift i besøksbidragslova i steg ein. I ­innstillinga frå næringskomiteen understrekar fleirtalet i komiteen det paradoksale i tilfellet der «de mest lønnsomme gjestene for Norge får økt avgift, mens gjester som skaper mest trengsel og legger igjen minst penger, slipper avgift». Fleirtalet viste til at cruisebesøk ofte fører til store besøkstal på kort tid, noko som kan føre til store utfordringar for vertskommunar. På bakgrunn av dette vart det som er § 3-1 Avgift fra cruisevirksomhet tatt med i lova.

Etter besøksbidragslova § 3-1 kan kongen gi forskrift om avgift frå cruiseverksemda. Ein kan berre nytte inntekta til å finansiere reiselivs­relaterte fellesgode som er nemnd i § 1-1. Forståinga av reiselivsrelaterte fellesgode skal bygge på ei breiare forståing enn det som er vanleg innanfor økonomifaget, og § 1-1 er meint å fange opp dei ulike behova kvar enkelt kommune har som ein med rimelegheit bør kunne finansiere med eit besøksbidrag. Døme på kva ein kan nytte ­inntektene frå avgifta til kan vere informasjonsverksemd, ­offentlege toalett og vedlikehald av stiar.

I forskrifta om avgift frå cruiseverksemd kan det mellom anna verte fastsett reglar om:

  • Kva type cruisetrafikk og fartøy som er omfatta av avgifta
  • Kven som er ansvarleg for å betale avgifta
  • Størrelse på avgifta
  • Korleis ein skal berekne og belaste avgifta
  • Kven som har mynde til å fastsette og krevje inn avgifta, inklusive om myndigheita skal leggast til kommunen
  • Fritak frå avgiftsplikta 

Forslag til forskrift om kommunal cruiseavgift

Nærings- og fiskeridepartementet har no foreslått forskrift om kommunal cruiseavgift,  forskrift om overnattingsavgift og forskrift om besøksbidrag for Longyearbyen. Cruiseavgiftforskrifta vart sendt på høyring 20. mars 2026.

Før dette inviterte næringsminister Cecilie Myrseth og statssekretær for fiskeri- og havministeren, Even Tronstad Sagebakkentil innspelsmøte om cruiseavgift 10. februar 2026. Både næringsaktørar og organisasjonar som representerer cruisenæringa i bredt, utvalde kommunar og reiselivs­organisasjonar var inviterte.

I invitasjonen var det særleg bedt om ­tilbakemelding på kva slags innretning cruiseavgiften burde ha, kor stor cruiseavgiften burde vere, samt om den burde settast nominelt (dvs. fastsett i antal kroner) eller prosentvis, og om det elles burde vere unntak for avgifta.

Mange av dei inviterte aktørane gav uttrykk for at ein bør sette avgifta nominelt. Blant dei inviterte aktørane var det ulike synspunkt både på kven som bør vere unntekne frå avgifta, for eksempel om avgifta berre bør treffe dei passasjerene som går i land eller alle gjestane om bord.

Under møtet opplyste næringsministeren om at cruiseavgifta skal bidra til at kommunar over heile landet får eit nytt verktøy til å handtere ­belastninga som følger med økt besøk, samstundes som reiselivet kan utvikle seg på ein måte som ivaretar både natur og lokalsamfunn. Ho påpeiker vidare at dersom reiselivsnæringa skal fortsette å vekse, så må det skje innanfor berekraftige rammer. Tillit og samarbeid mellom ­lokalbefolkning, næringsliv og besøkande er avgjerande. Ho er opptatt av å ha god dialog med næringa og lokalsamfunna, og påpeiker at innspela frå møtet er viktige for det vidare arbeidet.

Formålet med forskrifta som no er foreslått er å gi kommunar med særleg stor belastning frå reiselivet mynde til å fastsette ei kommunal ­cruiseavgift for å bidra til å finansiere reiselivsrelaterte fellesgode. Forslaget gir kommunane moglegheit til å krevje 100 kr. pr passasjer pr. påbegynte 24-timersperiode cruiseskipet ligg i hamn eller det setter passasjerar i hamn. 

Etter forslaget er det berre passasjerskip med meir en 100 meters lengde, som seglar i samsvar med eit tilbode turprogram som varer i minst 24 timer som er omfatta av avgifta. Dette ­ekskluderer hurtigbåtar som går i rutetrafikk som del av kollektivtransporttilbodet. Det er også presisert i forslaget at det ikkje skal betalast kommunal cruiseavgift for passasjerskip i fast rute mellom norsk og utanlandsk hamn.

Når det gjeld skipa som segler Kystruta, segler desse både i fast rute og i samsvar med eit tilbode turprogram, og er foreslått omfatta av avgiftsplikta. For passasjerar som nyttar Kystruta som kollektivtransport ved at dei har billett på sjølvvalt strekning, skal det likevel ikkje bereknast avgift for.

Sjølv om besøksbidragslova i Noreg er ny, er det allereie innført besøks- eller cruiseavgift i ein del andre land. Cruiseavgiftsforskrifta er foreslått å tre i kraft 1. januar 2027. 

Status 2026 er Kystverket si årlege samling av fagartiklar om utviklinga langs kysten og...

Fag Publisert Oppdatert
Til toppen