Tilskudd til investering i effektive og miljøvennlige havner

Tilskot til investering i effektive og miljøvennlege hamner skal bidra til å auke effektiviteten i logistikkjeda gjennom tiltak i hamn. Tilskotet kan nyttast til investering i havneinfrastruktur, tilkomstinfrastruktur og mudring. Tilskotet kan ikkje nyttast til investering i superstruktur.

Det er i forslag til statsbudsjett for 2020 satt av 51,3 millionar kroner til denne ordninga.

Fristen for å søke er 15. desember 2019, og prosjekta må være ferdig innan 30. november 2020. Utlysinga skjer med atterhald om at Stortinget vedtek forslaget til statsbudsjett for 2020.

Sjå menyen til venstre for rettleiing og søknadsskjema. 

Nyhetsliste

Siste nytt